fredag, oktober 31, 2025

dagbok 20 25: 31.oktober

Då eg skulle ut og ta eit bilde av solnedgangen såg eg noko kjekt. Dei som har tatt over Barstadhuset har fjerna meir "skog" , så no har eg fin utsikt mot fjorden, slik som eg ønska meg.Og etter kvart som alt lauv dett ned, får vi enda betre utsikt.  Her er sjeldan og aldri store båtar på fjorden her..men vi greier oss utan

 Klokka er no 15.44, temperaturen ute har no stige til + 5 grader, og det er bra, for då får eg i det minste køyre til butikken i morgon.

I dag har eg ikkje gjort så mykje, eg har tatt fredagsvasken, men det er ikkje så mykje i det. Men eg fekk både avisa Møre Nytt og bladet "Pensjonisten" i dag, dermed vart det Sudoku og kryssord å bale med. Kryssordet var lett i dag, så det er nesten i boks. Litt verre med Sudokuen, men eg plar no få den til- til slutt.

Eg har gått og lurt på om eg skulle fare på VØR med hageavfall, men då eg nesten hadde bestemt meg og såg på opningstidene, då var det for seint- Så no får eg heller ta fram strikketøyet. Skulle gjerne gått ein tur på Vernet, men venstrefoten protesterer- så eg får berre la det vere. Kanskje foten blir bra ein gong? 

Siste dagen  i oktober i dag, så no er det snart jul. Eg har no hengt opp julegardiner på stova så eg er i gang med førebuingane. Småkaker har eg slutta å bake for lenge sidan, men eg har kjøpt ein boks på KIWI i fall nokon stikk innom. Solveig og Øystein kjem i alle fall ikkje denne helga, for dei reiser til Bergen i dag.Og Einar for ein tur til London. Eg får halde meg heime og det er heilt i orden.

Ønsker alle ei god helg i alle fall !

 

torsdag, oktober 30, 2025

Dagbok 2025: 30.oktober


 Klokka er no16.27, temperaturen ut er + 2grader C, og det har vore sol og fint i heile dag, sola gjekk nettopp ned.

Vi skulle etter rett ha vore på trening i dag, men det var litt glatt på gata, så vi valde å halde oss heime. Seinare fekk vi vite at naboane hadde vore og køyrt heilt bort på VØR utan problem.

Eg vart sittande å strikke litt og fyrte i omnen, men så kledde eg på meg litt meir og gjekk ut og begynte å klippe på hekken, etter ei stund kom Marit U også , det er vi som eig hekken i lag og vi klipteog klipte og raka og hadde i sekkar, men eg trur ikkje vi er ferdige. Hekken har fått vekse vilt i mange år, og det viser. Eg trur vi må ha fleire dugnader -kanskje til våren. Resultater at eg no har mange sekker som skal på VØR-igjen. Viss det er trygt å køyre i morgon, kan det bli ein tur.

Då eg kom inn att tok eg meg litt mat og så sette eg meg i godstolen og sovna. Det hadde eg godt av, for eg søv altfor lite om nettene. Eg håper at det blir mildare, for eg har ikkje fått vinterhjula på bilen min enno. Dessutan er det ikkje november enno.

No skal eg sette meg til å strikke litt igjen, det går i lestar. Solveig skaffar meg garn så strikkar eg til heile familien.

                   Og så gjekk sola ned-ca kl.16.00. Dagane blir korte

onsdag, oktober 29, 2025

Dagbok 29. oktober 2025

 

                                     I dag klokka 16- sola gjekk ned-

Klokka er no 1921, temperaturen på trappa er0 grader. Dett har vore ein fin dag med mykje sol, men det har vore kaldt. Marit U og eg jobba ei stund med å klippe hekk. Eg kunne ikkje halde på så lenge fordi eg skulle på spansken klokka 13.Det var ikkje fullt oppmøte i dag, så det vart litt tuslete, men det er no litt variasjon i å komme seg ut. Det var ikkje glatt på vegane i dag, det eg kunne merke , men Einar har skrive og varsla meg om at eg kanskje ikkje kan køyre i morgon, for vinterdekka er ikkje komne på bilen enno, og han skal reise vekk, så han kan ikkje legge dei på no. Eg syntest no det var veldig tidleg for vinterdekk, men er det is så er det glatt. Eg får sjå kva det blir til i morgon -då skal vi eigentleg på trening, så vi må kanskje ha TAXI.

Eg laga meg middag då eg kom heim , det vart 3.dagen med pølse og stappe. Men det er heilt greit for meg. Mat er mat. No har eg sete og strikka ferdig eit lestepar og sett TV. På TV er det nesten berre krig og ulykker etc. Lite positivt. Dessverre.


               Det har vore ein fin dag, men kaldt. Snøen ligg enno i fjella

tirsdag, oktober 28, 2025

Dagbok 2025: 28.oktober


 Klokka er no 1657, temperaturen ute er + 6 graderC og det har vore rimeleg bra ver i dag, med ein god del sol, men i fjella ligg snøen og lurer på om han skal ta seg ein tur ned. Eg håper ikkje han kjem på ei stund enno-julafta t.d.. Det kunne passe?

I dag var vi på trening, og der fekk vi treffe ei nabojente som vi ikkje har sett på mange år. Det var veldig kjekt. Elles så var vi på KIWI og handla på heimvegen.

Eg hadde potetstappe att frå i går, så då vart det pølser og stappe i dag også, eg er ikkje så nøye på kva eg et-eg har ein appetitt som godt kunne dempe seg litt.

Etter middag sette eg meg inn i ein stol og sovna ei lita stund. Det er bra at eg søv litt innimellom for natta er ikkje lang her i huset. 

Etter at eg hadde fått meg ein kaffikopp tok eg ein tur til Vik for å handle litt på Europris. Eg fekk mellom anna kjøpt ei liten sekk med blomstermold til potteplantar.

No blir det strkketøy og nyheiter det meste av kvelden-trur eg.

I morgon skal eg ikkje på spansken før  klokka13, så då har eg føremiddagen til å jobbe med leksa- og det trengst sikkert.

mandag, oktober 27, 2025

Dagbok 2025: 27. oktober

Akkurat no klokka 18. 22, det vart mørkare om kvelden etter at vi stilte klokka over på normal tid. Eg har nettopp vore ein tur opp til Marit. På føremiddagen i dag såg eg at det kom ein bil gjennom gata, og der sette dei opp stikker langs gata, slike stikker som vi har når snøen kjem. Så no er det noko på gang.

Eg har vore heme åleine i dag også, og eg har ikkje utretta så mykje. Eg har vaska klede og vaska opp, men det er no maskinene som tek seg av slikt. 

Eg har kjøpt kvit maling og har tenkt å male alle lister og dørkarmar etc. men det vart ikkje mykje gjort i dag. Trur eg må sette meg betre inn i korleis eg skal gjere det. Men eg har no malt før, Nils tolte ikkje malinglukt så det var eg som tok meg av små malarjobbar.  No trur eg at eg må høyre med Einar korleis eg skal få gjort det. Det er han som brukar å male huset etc Så han er kyndig.

Det vart ikkje mykje gjort i dag, men eg har no laga meg middag og eg har strikka litt etc.Eg er skuffa over at det ikkje blir ver til å vere ute for eg er ikkje ferdig med hagearbeidet. Men det som er litt trasig er at eg ikkje får gå tur på Fonnvernet, for det har eg brukt å gjere nesten kvar dag i mange år,  no har eg ein vond fot, så eg må halde meg i ro. Men i morgon skal vi no på trening i alle fall.

                           Det er ikkje langt å gå rett over gata til Marit

søndag, oktober 26, 2025

Dagbok 2025: 26. oktober

Her er plass til fleire bilde enno.

Klokka er no16.55, temperaturen ute er + 6 grader og det regnar litt ute no. Det har vore overskya i heile dag og eg har vore inne. Eg har strikka og øvd på spanskleksa og sett TV, men eg vart til slutt så lei, at eg måtte finne på noko. Då fann eg på å rydde og vaska "barnebarn-veggen" i gangen.

Her har vi hengt opp bilde av barnebarna i alle år, og når dei kjem hit, særleg når dei er mange, så samlar dei seg og ser på barnebilda og flirer og ler av kvarandre-

Eg brukar å ta ned alle bilda og pusse glasa, pluss at eg vaskar veggen, Det gjer eg ein gong for året. I år har eg endra aldri så lite, så no har dei fått i oppgåve og finne ut kva det er.

Då eg var ferdig med den jobben, fann eg på å vaske stuevindua utanpå, eg pussa dei på innsida for eit par dagar sidan. Utvendig gjer eg det enkelt med mopp og hageslange, brukar mindre enn eit kvarter på jobben. No han det hende at eg braut helgedagsfreden og forstyrra naboane, men eg greier ikkje å sitte ein heil dag utan å få gjort noko- så eg vonar dei tilgjev meg.

Det er Rasmus sin fødselsdag i dag. Han skulle eigentleg til Danmark i helga, men det vart utsett til tysdag, så i dag feirer han dagen med familien på Kongsberg- i fjor feira han 60-årsdag heime hos meg. Det er litt rart å vere mor til 60-åringar, men enda rarare å vere bestemor til ein 40-åring. 

lørdag, oktober 25, 2025

Dagbok 2025:25.oktober


Klokka er no 16.02 , temperaturen ute er +10 grader og  vi har hatt ein fin dag med sol, så langt.  Bildet over tok eg med det samme eg var skikkeleg oppe, då låg det skodde bårde her og der, ikkje minst i aust, der sola stod opp, men det vart fort betre, og vi hadde sol lenge men no kjem det meir og meir skyer.


Her på Vallabøen har sol, men på andre sida av bygda, må dei vere utan for det meste.Men no vert det snart så mange skyer at ingen har sol. 

Eg har ikkje gjort så mykje i dag, eg har sete litt her med PC-en og jobba litt med spanskleksa, og så har eg vore ein tur på butikken. Der var det mykje fine blomster i dag, men eg synest ikkje at matbutikkane skal handle så mykje med blomster, for det øydelegg for blomsterbutikkane.

Marit er heime åleine denne helga, så eg gjekk opp til henne og vi prata ei god stund, før eg gjekk heim og fyrte opp i omnen. Så no har eg det varmt og godt. Eg har ete eit måltid, men no skal eg lage meg ein kopp kaffi og ta fram strikketøyet. Og nå klokka blir 12 i kveld skruer eg tida til bake og får ei ekstra time. Det ser eg fram til.

 Dersom bror min, Svein, hadde fått leve litt lenger, hadde han fylt 84 år i dag, men det er 3 år sidan han døde no. Det var berre vi to søskena, så det er eit stort sakn. Men han har mange etterkomerar, barn, barnebarn og oldebarn, og mange bur på Eid, så Strøm-familien eksisterer.

God helg ønsker eg alle som er innom bloggen.









fredag, oktober 24, 2025

Dagbok 2925: 24.oktober


 Klokka er no 17.54, temperaturen ute er +8 grader C og det regnar. Det har vore ein litt trasig dag når det gjeld veret, men eg har vore inne heile dagen, så då er det ikkje så nøye med. Eg fyrer godt i omnen og kosar meg så godt eg kan. Sidan det er fredag i dag, tok eg det eg kallar fredagsvask, men då eg var ferdig med den, hadde eg meir energi, så då tok eg "julegardinene" og heiv dei i vaskemaskina, og dei andre gardinene la eg berre vekk-eg vaskar dei nå eg skal henge dei opp att . Alle gardiner eg har vaskar eg i maskina og henger dei opp våte. Det går veldig fint, med mine gardiner i alle fall. Eg stryk dei aldri. 

Før eg hengde opp  dei nyvaska gardinene måtte eg sjølvsagt pusse vindua. Eg synest eg har vore flink for alderen i dag. Men eg likar slikt arbeid også-ikkje berre hagearbeid. No har eg fyrt godt i omnen for det er litt hustre når det både er regn og kaldt. No held eg på å legge opp til eit nytt lestepar, det er Solveig som held meg med garn, og ho får dei ferdige lestane til lageret sitt-med tanke på heile familien.

Eg set no på TV-en men eg synest det er så mykje trist i verda, som eg ikkje har lyst å høyre.

I dag har eg ikkje vore lenger enn til postkassa, så i morgon må eg av garde og handle litt mat. Eg synest eg kjøper mykje mat, veit ikkje kvar alt blir av men no skal eg i alle fall unne meg ein kopp kaffi med noko attåt, noko som eg har fått av Margrete........

torsdag, oktober 23, 2025

Dagbok 2025:23.oktober


 Klokka er no16.05, temperaturen ute er +9 grader C og det har vore ein strålande dag hittil, på vår side av bygda. På Melle der vi budde første tida vi var her har dei ikkje sol no .


Dette bildet tok eg frå altanen ei lita stund før klokka 16. Eg likar å ta bilde rett mot sola.. Ja, vi er no heldige som får sjå sola litt før ho forlet oss  og blir borte heilt til januar.

I dag vakna eg tidleg som vanleg, men treninga tek ikkje til før klokka ti, så eg hadde god tid til å gjere nok før den tid. Eg valde å begynne på spanskleksa som vi har til onsdag i komande veke, og eg fekk faktisk gjort litt.

I dag måtte eg fare åleine nedover. Etter at eg var ferdig med trimmen, var eg på apoteket og kjøpte litt medisin-til meg sjølv. Vi har leita og leita i avisene om  vaksinering, men ikkje funne noko, men eg tenkte eg fekk fare opp på Kulturhuset og sjå, og ja, der var det vaksinering , og då eg snakka med dei sa dei at der skulle ha vore avisinnlegg, men det kom berre ikkje inn. Eg fekk velje kor mange sprøyte eg ville ha. Eg tok berre Corona og vanleg influensa. Blir det bruk for fleire kan ein gå på apoteket og få alt ein vil ha av det som er tilgjengeleg. Ein kan få sett sprøytene der.

Det heiter seg at ein skal sitte og vente i 20 minutt etter at ein har fått vaksinen, men der var ikkje ei sjel som eg kjende så eg stakk av-som vanleg-

Eg var litt trøtt då eg kom heim, men eg greidde no å finne meg litt mat før eg la meg inn på dagsenga ei stund og slappa av. Eg står veldig tidleg opp, så det er ikkje rart om eg blir trøtt. I dag hadde det vore fint å jobbe ute, men eg trur ikkje eg har energi til det no. Eg såg brått at alpefiolen var begynt å henge med blomstrane, men eg håper eg fekk redda den. Den stod i ei svart "pyntepotte" og det tru eg ikkje var så lurt, no står den i ei kvit på kjøkkenbordet.

No skal erg snart finne fram strikketøyet mitt og sette på TV-en. så får vi sjå og høyre om krig og det som elles skjer. Sjeldan mykje positivt. Og i morgon er det fredag og då skal eg ikkje ut på noko, men vaske og rydda i heimen. 

Søndag fyller Rasmus 61 år, i fjor feira han fødselsdagen her i Ørsta, i år blir det i Danmark -på jobbtur der også-

onsdag, oktober 22, 2025

Dagbok 2025: 22.oktober

                                    Best å vere inne i dag.

Klokka er no17.25, temperaturen ute er +10 grader og det regnar; skikkeleg ufyseleg ver er det. Men eg har ved og omn, så eg har det varmt og koseleg inne.No skal eg snart sette på TV-en og finne fram strikketøyet. Hittil i dag har eg vore på spanskkurs og etterpå  har eg laga mat , ete og vore ein tur opp til Marit.

Som vanleg vakna eg klokka 6 i dag utan å få sove igjen, så då stod eg opp like godt. Eg lurer veldig på korleis eg skal få meg litt meir søvn, men det ser ikkje ut til at eg treng det heller. Det var kjekt på spansk-kurset i dag, men vi er ikkje så mange der for tida.

Eg sende pengegåve til Rasmus, som skal feire 61-årsdagen i Danmark, på noko som heiter UCN, ein finn det på nettet. I fjor feira han 60-årsdagen her i Ørsta-det var veldig kjekt.

I morgon må eg prøve å komme meg på trening for i dag er eg no heilt OK-det var eg ikkje i går- før det leid på dag.Det er eit trasig ver vi har for tida , og no går det fort mot vinter, til helga skal vi stille klokka til normal-tid. Eg likar ikkje vinter, men eg har i alle fall fått vinterhjul til bilen på plass.

På bildet over ser det ut som der ligg noko blått på golvet-det gjer der ikkje.

tirsdag, oktober 21, 2025

Dagbok 2025:21.oktober

 

                                                      Mold i garasjebeddet

Klokka er no16.52, temperaturen ute er +8 grader og det er overskya. Tidlegare i dag hadde vi litt sol. 

Dette har vore ein litt rar dag. Eg vakna tidleg og stod opp, men merka snart at eg ikkje var i form, det var noko slikt eg var borti sist laurdag også, men då vart eg no bra igjen- I dag bestemte eg meg for å ikkje gå på trening, så det vart til at både Marit og eg skofta treninga  i dag. 

Eg la meg på datarommet og sovna, og det gjorde godt. Då eg vakna og stod opp i halv 12 tida gjorde eg ferdig spanskleksa før eg gjekk ut og jobba i hagen. Først tok eg det eg kallar "Garasjebeddet" og rydda opp så godt eg kunne før eg la utover ein heil sekk med mold. Etterpå gjekk eg bort på andre sida og klipte heilt ned gravmyrten på muren der. Til slutt vaska eg singelen; for å få minst muleg mold og gras etc i singelen tek eg ei bytte vatn og hiv oppi singelen som har fått mold m.m. på seg. Blad,gras etc. flyt opp og eg kan ta det vekk, så har eg rein singel igjen.

Då eg var ferdig med den jobben var klokka nærmare 16.30, så eg gjekk inn og tok meg litt mat. og no kjenner eg at eg ikkje er heilt bra igjen. Eg hadde det slik sist laurdag også, men då vart eg bra , så eg håper det går slik no også.

                                                                 Gravmyrten er klipt


                                        Leonardo blomstar enno.
                                        

mandag, oktober 20, 2025

dagbok 2025: 20.oktober

 Klokka er no ca23, temperaturen ute er +8 grader og no regnar det. "Temperaturen stiger" står det nedst på skjermen min. 

I dag tenkte eg å få gjort ferdig spansk-leksa i god tid og eg begynte bra, men så hadde eg eit uhell med datamaskina, så eg kom meg ikkje inn att på Google, og då var eg hjelpelaus. Eg forstod ikkje kva som var gale og eg har bala i heile dag, sende bod på Erlend men han var på jobb i Volda, så sende eg melding til Helge, men han var på veg til Spania. Ein av naboane var også innom, men ho fann  ikkje feilen. Eg tenkte eg fekk vente å sjå om Erlend kom heim, men han er vel ikkje ventande enno. 

Men....så vart alt i orden på litt under no time, for Amanda sende ei melding der ho sa kva eg skulle gjere-og eg gjorde det! Og alt er i orden- takk og lov! Det som er litt surt er at eg trur det samme har hendt før og at eg har blitt skolert av ein eller annan-men gløymt det. OK- alt er bra no-

Det første eg gjorde i dag etter at eg var komen på beina, var at eg samla sekkane mine og køyrde på VØR, der trur eg dei kjenner meg no. Då eg var ferdig der, køyrde eg bort på Plantasjen og kjøpte 5 sekker med billeg mold som eg skal legge på her og der, ikkje alt no, resten kan få ligge til våren, for då er der alltid behov.Etterpå måtte eg vaske både jakka og buksa som eg hadde på meg, for sekkane var fulle av mold og så var dei våte.

Eg treng heldigvis ikkje legge meg enno, så no kan eg kose meg med " Reels and short videos " ei stund og så høyre litt song og musikk. Eg måtte faktisk gå inn på TV-en for å få litt underhaldning på You Tube mens eg sat å strikka. Elles er det no berre krig og anna galskap.


søndag, oktober 19, 2025

dagbok 20 25: 19.oktober


Klokka er no snart halv sju, bildet tok eg for eo lita stund sidan. Ute er det+ 10 grader no, så det kan hende at snøen i fjella smeltar. Men så lenge snøen held seg berre der er det greitt.

I dag har det vore ein sløv dag. Eg vakna som vanleg klokka 6 og fekk ikkje til å sove lenger, så eg var tidleg oppe. Men seinare sovna eg framfor TV-en, etter at eg hadde fyrt godt i omnen.Og det gjorde godt.

Det har ikkje hendt så mykje i dag, eg har no sete her og strikka litt , og så har eg rydda her og der. No på ettermiddagen kom Marit nedom ei lita stud, såpass ho fekk smake Solveig si eplekake. (Ho var invitert).

Erlend kom heim no nyleg, han hadde vore på øving i dag , men så har han jobben sin i Volda også, men eg veit ikkje om han skulle i kveld.

I morgon må eg prøve å komme med til VØR, for det står mange store, svarte sekkar rundt omkring som eg må ha vekk. Det er mykje å rydde i hagen før vinteren kjem. Berre det blir ver til å vere ute går det bra. Det som ein får rydda no, slepp ein å ta til våren.


                Det mørknar tidleg no. Men vi har vel sommartid enno?
Eg ser i boka mi at sommartida sluttar søndarg 26.oktober, neste søndag altså.

 

lørdag, oktober 18, 2025

Dagbok 2025: 18.0ktober


 Klokka er no20.00 , temperaturen ute er +7-8 grader, og her sit eg no. Og her sit eg ofte og held på med eitt eller anna på datamaskina, Studerer spansk, les nyhende og mest av alt, kanskje, høyrer på musikk. Eg er ikkje begeistra for telefonen min, for eg har problem med hørselen, derfor ber eg folk om å sende meldingar til meg på datamaskina i staden for å ringe. PÅ Messenger treffer de meg -.Ikkje på e-posten- Og Messenger er på telefonen også. Det kan hende eg er litt sær-men slik er det. 

i dag har eg hatt besøk. Eg hadde invitert dei som kunne i familien på FÅRIKÅL -middag. Ikkje alle var heime så vi vart ikkje så mange, men det var no kjekt likevel. Solveig kom først for ho ville hjelpe meg litt, så kom Margrete og til slutt Amanda og Martin. Det er alltid kjekt å få vere i lag med barn og barnebarn og få høyre om det dei held på med. Og så har Amanda ein skjønn liten hund med seg.

Det vart no ein kjekk dag for meg i alle fall og enno har ikkje strikketøyet vore framme-så no er det på tide.

Ønsker alle ein fin søndag!

fredag, oktober 17, 2025

Dagbok 2025:17.oktober

 

Då eg  klipte og rydda rundt desse plantane , fylte eg ein stor svart sekk. det har vore litt dårleg stell i hagen i seinare tid. (På grunn av veret)

Klokka er no16.45 og eg kom nettopp inn etter å ha jobba i hagen nokre timar. temperaturen ute er no +8 grader ute og sola skin. Det har ho gjort stort sett i heile dag, men snøen ligg enno langt ned etter fjellsidene.

Eg veit at det er fredag, men eg synest det liknar på søndag, kanskje fordi eg har gjort lite og ingen ting inne i huset, men eg har gjort nokså mykje ute. 2-3 store svarte sekker er fulle av boss som skal på VØR, men det blir ikkje før etter helga.

Eg ligg litt etter med hagearbeidet, men det er på grunn av veret som vi har hatt i det siste, det har ikkje vore råd å få gjort nokopå grunn av veret.

Eg skulle hatt god lyst å gå tur på Vernet, men den vestrefoten og hofta er ikkje heilt gode. Kvar gong eg har sete i ro og røyser meg opp att haltar eg. Men eg har ikkje vondt når eg sit i ro, så det går bra likevel.Eg tok nokre vbilde i hagen ,men har ikkje fått dei over på bloggen enno. Eg får prøve igjen.


Det var her eg jobba mest i dag, eg tok mellom anna og skar ned to klematisar, og rydda så godt eg kunne. Bildet er kanskje litt misvisande. Eg tok det frå altanen.No skal eg spandere ein kopp kaffi med noko attåt på meg sjølv.



torsdag, oktober 16, 2025

Dagbok 2025:16.oktober


Klokka er no19.45, temperaturen ut er + 5 grader C , og i dag har vi hatt både sol og regn.I frå 10-11 var vi på trening og så handla vi på KIWI på heimvegen. Eg hadde ikkje så mykje å gjere heime i dag, så eg sat og strikka litt. Eg venta Einar til middag , men han skulle ikkje komme før nærmare kl.18. Eg tenkte vi skulle ete middag i lag, så eg fann fram kjøttkaker frå frysaren, laga laga saus, skrelte poteter etc, etc,

Så sat eg ei stund og såg TV mens eg strikka. Eg fekk sånt fint garn no sist - med Solveig, så det var kjekt å strikke.Eg har tatt inn ein lampe som er god å ha når ein skal styre med handarbeid.

Då Einar kom hadde vi som vanleg mykje å snakke om så tida gjekk fort. Han fekk no sjå dei nye bilhjula mine, det blir kanskje han som må sette dei på. Han var i alle fall overbevist om at eg ikkje skulle sette til vinteren med dei hjula eg har. 

Einar kunne ikkje vere så lenge, for der er ein tunnel på vegen som dei stenger om kvelden fordi dei skal jobbe der på natta. I morgon er det fredag igjen, då skal ef førebu eit lite selskap på laurdag-trur eg.

Eg har så lyst å styre litt meir i hagen før vinteren kjem, men då må det vere opplett. Marit Urke og eg skal til  dømes klippe hekken som vi eig i lag, og eg har diverse anna også som eg må rydde opp i.Foten min er ikkje god nok til at eg kan gå så mykje tur, men eg greier meg bra heime i hagen.

 

onsdag, oktober 15, 2025

Dagbok 2025: 15.oktober

Klokka er no 19.45, temperaturen ute er + 8 grader og det regnar. Eg gjekk ut på altanen og såg mot lyshavet i Mosmarka. Den "bydelen" er relativt ny. Ørsta har vakse mykje sidan vi kom hit for snart 60 år sidan. Det er ikkje til å tru  at det er så lenge sidan-men det er det.

I dag har det vore kjedelig ver, med regn og grått. Eg vakna grytidleg etter å ha sovna sein, så eg har gått meir og mindre i ørska i dag. Det var ikkje mykje eg fekk med meg av spansken i dag, nei. Eg var innom KIWI på heimvegen, og så var eg ein tur opp til Marit etter at eg kom heim, elles har eg fyrt i omnen litt og sete og strikka framfor TV-en, som vanleg. I morgon er det trening og så er denne veka nesten slutt. Kanskje eg får besøk av Einar i morgon. Han skulle kjøpe litt maling til meg, for eg treng å fiffe opp litt her og der. Det var ein del eg malte før i tida også, for Nils var heilt allergisk mot malingslukta. Eg måtte male mens han var ute og fiska.

Eg er så glad for at Rasmus kjøpte nye hjul til bilen min i går. Han ordnar alt muleg  berre ved å sitte med datamaskina si. Eg skal ikkje ha på dei nye hjula før det blir snø og vinterføre. Heldigvis har eg nokon som kan hjelpe meg med det også. Det er ikkje alt eg kan gjere sjølv. Det er langt frå det.

No skal eg strikke litt meir og sjå TV-som vanleg.

                                                            Ørsta by night




 

tirsdag, oktober 14, 2025

Dagbok 2025: 14. oktober


 Denne blomsten har stått ute heile sommaren,men no lurer eg på om eg skal dele den opp i mindre plantar og så om dei trivst inne. Det er som de ser ein Geranium.


No har eg sete her med datamaskina nesten i heile dag, så no kan eg like godt skrive blogg med det samme, før eg forflyttar meg inn i stova. Ute regnar det i dag også og skodda ligg heilt ned. Temperaturen er ca +10 grader.

I dag har eg vore på trening, og då eg kom heim var det rett inn til datamaskina for å jobbe med spansk-leksa til i morgon. Då fekk eg melding frå Rasmus om at eg måtte ta bilde av hjula på bilen  min med dekk , så han fekk sjå kor det stod til, han hadde tru på at eg trong nye vinterdekk/vinterhjul. Etter litt prat att og fram hadde han orientert seg om kvar eg kunne få kjøpt dekk i Ørsta, men så fann han ein kar i Volda som skulle selje 4 hjul relativt billeg, og før dagen var omme hadde eg fått 4 nye hjul i garasjen, levert og betalt(av Rasmus). Men eg kan ikkje ha på dei nye hjula før snøen kjem, trur eg. Eg har sjølvsagt betalt Rasmus pr. Vipps. Grunnen til at mannen selde dekka var at hjula var for store til hans bil, som likna på min, men altså med mindre hjul. Eg spurde Rasmus om han kom heim på fødselsdagen sin i år som i fjor, men det gjer han ikkje, for då er han i Danmark.

Innimellom alt anna som hender prøver eg å få litt spansk inn i hovudet mitt, men det går treigt. Heldigvis får eg vere med på kurset sjølv om eg ikkje heng så godt med lenger. Eg greier i alle fall å lese dei spanske tekstane nokonlunde rett. Men det er verre å lage setningane sjølv. Det er for seint å lære eit nytt språk etter at ein har runda 80, trur eg.I morgon skal eg på kurs.

No skal eg gå og ta eit bilde av dei nye hjula mine. 



mandag, oktober 13, 2025

Dagbok 2025: 13.oktober


Klokka er no 19.27, temperaturen ute er+10 grader og det regnar. Det er ikkje sola som skin på bildet men gatelykta.. Eg sov dårleg siste natt, men kom meg opp i skikkeleg tid. I dag hadde eg eit program, det første eg skulle gjere var å støvsuge alle teppegolva, og det vart gjort. Etterpå tok eg det som eg kallar eit "fredagsvask" uansett kva dag det er. Då vart huset nokonlunde i orden.. Marit ville gjerne at eg skulle komme opp til henne ein tur, så då gjekk eg dit- Sjølv om vi snakkar med kvarandre nesten kvar dag, så har vi alltid noko å prate om. Vi kjenner kvarandre så godt no at vi kan snakke om alt.

Eg hadde mat att frå i går så det gjekk fort å fikse seg ein middag. Dørene hadde stått meir og mindre opne så det var kaldt i huset. Eg fyrte opp,med gammal ved, og snart var det varmt og godt. Eg sette meg til å strikke på ein lest som eg begynte på i går kveld. Eg fekk så mykje fint garn av Solveig sist ho var her, at no er det ei fryd å strikke til lestelageret hennar.  Eit lager som skal komme alle i storfamilien til gode.

I morgon skal eg på trening igjen, eg må vel ta det litt lett for foten vart litt dårleg igjen etter at eg gjekk på Vernet i går. Trasig å ikkje kunne gå når ein vil.

Spanskkurset er på onsdag, så eg jobbar litt med spansken innimellom også. Nei, språk bør ein lære seg når ein er unge, å starte etter ein har passert 80 er ikkje så lurt. Men det er no kjekt å vere i lag og der er fleire gamle, til og med ei som er eit halvt år eldre enn eg, men ho har lært spansk før også.

Eg håper på  ein "indian summer".slik at eg får rydde skikkeleg i hagen før vinteren kjem. Då er det kjekkare å ta i mot våren når den kjem.

Tida går fort no, fram mot jul. Såg at dei selde pinnekjøt på KIWI no. Har ikkje sjekka om julebaksten er komen på plass.

                                                                 

                                 Dette garnet var godt å strikke,

 

søndag, oktober 12, 2025

Dagbok 2025:12.oktober

Klokka er no16.57 og vi har enn litt sol ute enno.Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet, eg var såpass bra i foten at eg tok sjansen på å gå ein tur i dag. Om det var lurt , veit eg ikkje enno, det får tida vise. Eg er i alle fall ikkje så god i foten no, som før eg gjekk. 

Før i dag har eg stort sett sete og jobba med spansken, men før det strikka eg ferdig ein lest. Mest av alt treng eg tid og ver til å jobbe i hagen før snøen og vinteren kjem. Marit har ikkje vore i form siste dagane, men eg håper ho blir bra til vi skal på trening tysdag. Einar snakka om at han ville komme ein tur denne veka, men eg veit ikkje kva dag det blir. No er eg ute av huset både tysdag, onsdag og torsdag. Men eg er no ikkje vekke heile dagane.

I dag då eg gjekk tur på Vernet møtte eg Matias og kona; eg forstod ikkje først at det var dei, for eg er så dårleg på å kjenne att folk -at det er ei skam. Så lenge eg hadde Nils med meg gjekk det bra, for han kjende att alle- eg har problem med det.Men det er kjekt å vere på Vernet for der snakkar vi med alle uansett om vi kjenner dei eller ikkje.

Resten av dagen/kvelden blir det vel å sjå litt meir på spansken  og så må eg vel legge opp att enda ein lest, så eg har noko å pusle med mens eg ser TV- I morgon skal eg ikkje ut på noko.
 

lørdag, oktober 11, 2025

Dagbok 2025: 11.oktober


                                                   Skodde og regn-dag etter dag.

   Klokka er no 16.30,temperaturen ute er + 10 grader og det regnar og regnar. Eg kan visst berre gløyme å få rydda opp i hagen før snøen og vinteren kjem. I fjor då Rasmus var her ein tur i oktober, då var det så fint, og så varmt at vi måtte ha opp altandøra mens vi sat og åt. Det var den 26.oktober.

I dag låg eg lenge, stod ikkje opp før klokka var kvart over 9. Eg hadde ingen planar for dagen, anna enn at eg skulle ein tur på butikken. Det var eit par ting eg mangla. Og så var Marit åleine heime og mangla kattamat, så eg kunne få med det også. På parkerinsplassen var det nesten heilt fult så det var ikkje berre eg som var ute i regnet. Takk og pris for bilen, seier eg, den er god å ha. Eg brukar ikkje å ta imot kassalapp når eg handlar, men sidan eg kjøpte for Marit også tok eg i mot kassalappen. Eg har lurt litt på kvifor ikkje sluttsummen har vore større når eg handla, for eg ser no prisen på varene når eg går rundt. I dag fekk eg forklaringa: Dei slår inn prisen som står på varene, men så blir prisen endra fordi det blir trekt 25 prosent ifrå dei fleste varene før summane blir lagt i hop. Så heretter vil eg sjekke lappen.

Eg hadde litt kjøttdeig i frysedelen på kjøleskapet, så i dag laga eg meg Taco, det er ikkje kvar dag eg lagar middag.

Elles har eg sete og strikka litt mens eg har sett på kraftige kvinner som løfter vekter. VM i Førde , det synest eg er artig. Eg føler meg litt heime i Førde fordi eg budde  på dei kantar eit år i ungdommen. Eg er komen heilt ut av tidsrekninga , for ikkje vaska eg fredagsreint i går, og ikkje har eg vaska i dag heller. Men eg veit no at det er søndag i morgon uansett.

Eg sit mykje ved datamaskina, eg er ikkje berre på FB, men eg høyrer mykje song og musikk , og eg har fått meg ein ny favoritt her. Somme tider legg eg kabal også og så brukar eg maskina til å lære spansk på Google translate. Mange sit og fiklar med telefonane sine, eg brukar datamaskina. PÅ "Reels and short videos", lærer eg spansk og mykje anna, til dømes geografi og hovudrekning og mykje anna. Eg friskar opp gammal kunnskap der. No skal eg sette meg inn i stova og strikke på lesten, eg har tatt inn ved, men ikkje fyrt opp -enno i alle fall.

                                                                   Solstolane får vaska seg.

fredag, oktober 10, 2025

Dagbok 2025; 10.oktober

Klokka er no16.40, temperaturen ute  er+11graderC og det regnar og regnar, Eg kan ikkje tenkje på å vere ute, men eg kom meg til postkassa og henta avisa. Der låg ogsp tysdagsavisa, eg er ikkje så ivrig til å hente den no når dei har slutta med sudoku.

Eg gjekk ut tidleg på føremiddagen og sette ut billen så han som kom med veden kunne ryfgge heilt inn i garasjen,g så begynte eg å vente på ha. Eg hadde gløymt at eg fekk melding frå han i går om at han kom i 14-tida.Og då kom han og bar alle sekkane inn i garsjen der eg hadde greidd å rydde ei krå med plass for 15 sekkar. Godt å ha brensel "i hus" same kva som skjer på verfronten--somme gonger er det godt å ha litt attåt varmepumpa. 

Det vart ein lang føremiddag men eg fekk gjort litt av kvart. Ikkje minst fekk eg sett i gang med å jobbe med spansk-leksa, for det tek si tid. Men det var kjekt å jobbe med den når eg hadde så god tid. Strikka litt også, men fredagsvasken har eg sett på vent. Eg går no ikkje og vaskar  når det ikkje er behov. Sette på TV-en såpass eg fekk vite at TRUMP ikkje fekk fredsprisen denne gongen-men kanskje neste gong? Det kjem no an på korleis det går framover.

Eg kokte meg litt risgraut til "middag", og så sette eg meg til med spansken igjen. Eg tenkte det ville vere betre å gjere litt kvar dag enn å sitte på morgonen den dagen vi har undervisning  og prøve å få til noko. Eg hadde eigentleg tenkt å slutte, men ville møte opp første dagen og seie ifrå. Det vart til at eg held framei stund til. Litt har eg no lært på desse åra.

Det går veldig bra med Svein på sjukehuset, han har fått medisinar som hjelper-Margrete fekk ikkje reise til Paris denne gongen, men ho sparer til ein ny tur.

Eg er litt skuffa over veret, for eg hadde meir eg skulle gjere i hagen før vinteren og snøen kjem, og så saknar eg å gå tur på Vernet, både på grunn av den vonde foten og veret. 

                                                             Våtare blir det ikkje.
                                                                            

                                      Ønsker alle ei god innehelg!
 

torsdag, oktober 09, 2025

Dagbok 2025: 9.oktober


 Klokka er no 18.40, temperaturen ute er +7 grader , og det har regna meir og mindre i heile dag, Dette er det eg kallar innever - som tek frå meg heile humøret. Eg har liksom haustferie i dag, så eg skulle ikkje på trening eller noko anna .Eg hadde i grunnen ikkje tenkt å gjere så mykje verken inne eller ute, så det vart til at eg sat og strikka. Lyspunktet i dag var at naboen kom og gav meg nokre bilde og så sat ho her og fortalde meg diverse om sin familie som eg  sjølvsagt kjenner. Vi flytta inn i husa våre på samme dagen, så vi kjenner kvarandre godt -både vi eldste og barn og barnebarn.

Det einaste eg har gjort i dag er å strikke ferdig eit lestepar, og så var eg ein tur på butikken og handla diverse matvarer. Eg skulle så gjerne ha hatt nokre fineversdagar så eg hadde fått rydda opp i hagen før vinteren kjem.  Eg hugsa oktober i fjor, då var det i alle fall nokre dagar som var veldig fine.

Det positive i dag er at det går så bra med Svein på sjukehuset, han blir betre for kvar dag. Jentene i Paris har eg ikkje høyrt noko frå,men eg reknar med at Margrete har kontakt med dei. Dei må vel snart ta vegen heim att;haust- ferien er ikkje lang. Nils og eg var i syden i to haustferiar og ein vinterferie. Det var no berre ei veke ferie den gongen også, men det var i grunnen nok. 

Eg er ikkje god i venstrefoten , men hadde det vore opplett i dag hadde eg gått på Fonnvernet for eg blir så lei av å sitte inne. Eg hadde gledd meg på fine haustdagar, eg likar godt hausten, berre det er fint ver. I morgon er det fredag og då kjem her ein mann med 15 sekkar ved til meg. Det er den samme som eg kjøpte ved med i fjor. Eg greidde å rydde såpass i garasjen at eg trur eg skal få plass til veden. Eg har no heimelaga ved også, men den er ikkje heilt tørr enno. Eg snakkar om plommetreet som Rasmus tok ned i sommar. Eg skal i alle fall ikkje fryse i vinter uansett ver. Til eldre eg blir, til mindre likar eg vinteren.

onsdag, oktober 08, 2025

Dagbok 2025: 8.oktober

 

Bak fjella i aust ser eg sol, det synest eg er litt rart, for det er no det sola skal stå opp i morgon. Kanskje ho legg seg der no?


Klokka er no18.05, temperaturen ute er +9 grader C, og i dag har det regna litt av og til, trur eg, eg har ikkje følgt så nøye med.Tida før eg skulle på "Spansken" klokka 11, brukte eg til å sjå over leksa til i dag. Vi var ikkje så mange i dag, dert er vel nokre som har haustferie? Eg nytta høvet til å spørje om eg var den eldste i klassen, men det er eg ikkje. Der er ei som er 86 år-nokre månader eldre enn eg altså. Vi jobba to og to i dag, og eg var heldig med partneren min, han skrytte av lesinga mi, så det var no litt oppmuntrande.

Eg hadde lova å komme opp til Marit når eg kom heim , så eg gjekk opp så snart eg hadde byta om litt på kleda. Ho hadde laga kaffi og funne fram is og sjokolade og anna godt. Så hadde vi ei god og lang pratestund, og eg trur at vi kanskje tek opp att det same fleire gonger- men det er lov. Vi har no eit langt liv å sjå tilbake på, og vi minnest ofte tida då vi gjekk i same klasse på Eids gymnas.Der er eit tema for all samtale.

Då eg kom heim att var klokka ca17 og eg laga meg litt saltmat til middag etter alt det søte.No har eg sete litt attmed  min gode venn PC-en og høyrt på diverse songar som eg likar. Eg veit at mange er glade i telefonen sin, men det er ikkje eg-eg likar best PC-en, her finn eg det meste. No skal eg snart sette på TV-en , den er ofte litt tullete, men som regel går det bra. Verre er det med innhaldet, eg kan ikkje velje bort krig og anna elende, men eg kan strikke.I morgon har eg haustferie frå treninga, det set eg pris på.


tirsdag, oktober 07, 2025

Dagbok 2025: 7.oktober



Klokka er no 18.41, temperaturen ute er +10 grader C, og akkurat no er det opplett, før i dag har det no regna ein del. Eg måtte fare åleine på treninga i dag, for Marit var ikkje i form. Torsdag skal vi ikkje trene, då er det haustferie for oss også. Det er ikkje haustferie på spansken, så i dag har eg sett litt på leksa til i morgon.

Med det samme eg kom heim frå treninga i dag begynte eg å rydde i garasjen; så veldig ryddig vart det ikkje, men eg greidde å lage plass til 15 vedsekkar som eg får tilkøyrt hit på fredag. Eg har nokså mykje ved frå før, men ikkje alt er tørt nok til å brenne.Garasjen skulle ha vore dobbelt så stor, for no har vi budd her i over 50 år, og då samlar ein nokså mykje i hop.Vi har no tilbygget , men der er fullt der også.

Eg treng nokre dagar med veldig fint ver, slik at eg får rydde skikkeleg opp i hagen og får køyre nokre lass på VØR, før hausten kjem for alvor.

Rasmus har fødselsdag i oktober og då feira han 60-årsdagen her i fjor, og det var så fin og mild som ein sommardag-skal tru om det blir slik i år. 

No skal eg strikke ferdig eit lestepar, det er det eg gjer når eg ser tv, strikkar lestar altså.

Og så må eg sjå om Trump greier i skape fred på jord. Gjev det var så vel.

                                                         Det mørknar tidleg no.

mandag, oktober 06, 2025

Dagbok 2025: 6.oktober

Klokka er no17.40, ute regnar det så smått og temperaturen er +13 grader C.

I dag har eg hatt ein kjekk dag, med mykje innhald, til denne tid- Eg hadde avtale med Solveig om at ho skulle komme og vere med meg i banken og ordne opp i saker og ting. Ho hadde førebudd seg godt så det vart orden på mykje. Eg skal innrømme at eg ikkje er så flink å "handtere" pengar, men eg har no greidd å betale det eg skal..... om det kanskje har tatt litt tid.  No har Solveig ordna ut, så eg skal spare  pengar-trur eg.  Men eg råder framleis over min eigen økonomi.

Etter at vi var ferdige i banken, var vi innom den nye blomsterbutilkken i Gågata, der Solveig kjøpte ein plante til Margrete. Ingeborg og Amanda måtte reise åleine til Paris, sidan sambuaren til Margrete hamna på sjukehuset i Volda. Og der ligg han enno. Margrete skulle til Volda, så Solveig ringde og bad henne komme til ALTI i Ørsta der ho og eg hadde kost oss med kaffi og kake, og gått i butikkar over heile huset. Då Margrete kom, vart det middag, dvs. Pizza. Og som dei gode gamle vi er, greidde vi å få ned heile pizzaen og drikke opp all brusen. Så ingen ting gjekk til spille.

No skal eg kose meg og strikke lestar av det fine garnet Solveig kom med, men først må eg gjere ferdig det eg held på med.

Det var mykje folk ute og gjekk i dag, det er vel fordi mange har haustferie; det har ikkje eg. Eg skal på trening i morgon og onsdag er det spansk-kurs. Torsdag har vi faktisk fri vi også-vi som trenar i lag. 



 

søndag, oktober 05, 2025

Dagbok 2025: 5.oktober


 Klokka er no 16.20, temperaturen ute er +12 grader og det kom nettopp ei ny regnbyge, det har vore litt fint mellom bygene- Men eg har for det meste vore inne. Eg har sete og sett TV og strikka lestar -som vanleg . Middag har eg ete, det vart restar frå i går, men no er der ikkje meir att. 
Eg har fått melding frå ved-leverandøren  min, han vil kome på fredag. Eg gjekk ut i garasjen og såg etter kva eg kunne rydde bort, så eg har en plan. Snøbrettet tok eg ned i tilbygget med ein gong og då såg eg at den store klematisen hadde blåst overende, eg brydde meg ikkje om å røyse den opp att men knørva den ned i ein plastsekk klar for VØR. Rydda litt opp omkring , men så kom regnet og eg gjekk i hus. I morgon vil Solveig kome innover på besøk, så då blir det ein tur til Vik blant anna. Då har eg ikkje andre avtaler. 


                                     Sol og regn på ein gong


lørdag, oktober 04, 2025

Dagbok 2025: 4.oktober


Klokka er no 16.22 ,temperaturen ute er +16 grader, det bles let litt enno, men ikkje så mykje som før. Det er sjeldan med vind her, eg likar vind , men ikkje så sterk art den øydelegg noko.

I dag stod eg opp og åt frokost klokka 6, men eg la meg inn att i senga og låg til nærmare 8. Eg hadde ikkje så mykje på programmet i dag, berre det et eg skulle på apoteket og på KiWI, litt medisin og litt mat.

I dag fann eg ut at eg skulle lage noko til middag, så eg kjøpte kyllingkjøtt og noko i ein pose som skulle bli saus. Det vart no nokså godt, men eg syntest det vart litt styr med steiking og koking og oppvask. Det hadde eg berre godt av.

Eg treng no ikkje å sitte og strikke heile tida, og i dag fekk eg melding på telefonen frå han eg kjøpte ved med i fjor. Han ville vite om eg ville ha ved i år også, og det vil eg. Men då kjem eg tilbake til den uryddige garasjen, den må eg shine opp før neste helg. Eg er litt usikker på kva eg kan kaste  av t.d. malingspann og kostar; ein del fiskeutstyr kunne eg også klart meg utan. Det er fullt over alt både i tilbygg og kjellar etc. Vi har budd i dette huset i 50 år og vel så det, så mykje har vi samla i hop. Men eg trur eg skal få orden på det, såpass vi får inn veden.

No er det haustferie for mange i familien, men eg trur ikkje at eg har heilt fri, frå tening og spansk-kurs, har ikkje sjekka det

Eg har lyst å gå på Vernet, men venstrefoten er ikkje heilt god, så eg bør la det vere.

fredag, oktober 03, 2025

Dagbok 2025: 3.oktober

                                                     
                              Eg likar å ta bilde beint på sola.


Klokka er no 17.42, temperaturen ute er + 16 grader C, og i dag har vi både regn og vind .

Eg er litt sint på meg sjølv i dag fordi eg har vore så lat. Då eg var ferdig med fredagsvasken inne, skulle eg i grunnen ut i hagen og jobbe der, men så var det så kaldt og så bles det, så eg ville heller vere inne. Eg kunne no eigentleg rydda i garasjen, men der var det så mykje rot og så var det no litt kaldt  et cetera et cetera-konklusjonen vart at det var best å vere inne. Eigentleg skulle eg vore til Vik også, men det får vere til i morgon. Då skal eg gjere ærenda mine først best best.

Då skal eg på ALTI blant anna.Eg kjem til å vee der med det same dei opnar, for eg er alltid tidleg oppe.

Når eg likevel var inne, så blei det strikketøy og TV-og det får vere greit nok. Det er no litt nyttig- strikkinga altså. Marit skal på hytta i helga så då skal eg mate LOLLO og det er no berre kjekt. Ho kjem som regel ned til meg mes det same Marit er vekke.

No får dei haustferie dei som jobbar i skulen, både lærarar og elevar.Ingeborg og Amanfda skal til Paris, men Margrete blir heime sidan Svein vart sjuk og ligg på sjukehuset i Volda, ho skulle eigentleg ha vore med.

Eg hadde besøk av "snikkaren min " i dag, han lurte på om han hadde lagt attei øks, men det hadde han ikkje. Han la merke til at eg hadde (skam)-klipt ripsbuska.

No kom sola, men det blæs ute. Det er så kjekt med vind, for her blæs det nesten aldri. Kunne tenkt meg ein tur å Vernet no-for der blæs det meir enn her.


                                    Sol og vind i dag, og regn innimellom

torsdag, oktober 02, 2025

Dagbok 2025:2.oktober

Klokka er no 19.24 og temperaturen ute er +11grader C , og det regnar og bles litt

I dag stod eg og såg i bokhylla og såg denne boka. Eg har no sikkert sett den før, men ikkje  på lenge. Eg bladde i den og såg på konfirmasjonsbilde etc. Eg fann både Anne Marie og Rolf, men ikkje Nils. Men der er fleire kyrkjer i Solund, og dette er ikkje den som er nærmast Trovågen.Denne ligg i hovudstaden Hardbakke.

I dag har det vore ein sløv dag for meg. Rett nok var eg på trening frå 10 til 11, og så var vi innom butikken på heimvegen. Men etter det har det hendt lite og ingen ting, men det kan kanskje vere det beste. I går vart mannen til Margrete innlagt på sjukehuset , heldigvis er han betre i dag, men eg trur ikkje Margrete kjem til å reise til Paris,  som planlagt, så då får Ingeborg og Amanda  reise åleine. Særleg Ingeborg er veldig "bereist" så det går nok bra. Det er haustferie komande veke her hos oss.

I dag har eg vore lat. Eg skulle ha jobba ute i hagen, men det var surt og kaldt, så eg kveikte opp i omnen og tok fram strikketøyet og sette på TV-en. I morgon er det fredag og vaskedag, så då kan eg no gjere ein liten innsats. Det er alltid noko å gjere for den som vil. Men eg er no pensjonist...........

Før las eg bøker heile tida og eg har lyst å prøve å komme i gang med det igjen. Den boka eg har tenkt å lese no, er den nye boka til Jon Fosse; bøkene hans er korte i alle fall, så då er det overkomeleg. Eg har likt dei eg har lese før.


 

onsdag, oktober 01, 2025

Dagbok 2025: 1.oktober



Klokka er no 19.23, temperaturen ute er +11 grader C,og det har vore ein fin dag med tanke på veret., vi har hatt mykje sol.

Eg starta dagen med Spansk-kurs, ogdå det var slutt var eg heime ei stund til Marit og eg skulle på Kulturhuset for å feire "Eldredagen", vi plukka opp Brita på vegen. Det vart ei fin feiring på dagen ,med gode taler og mykje god mat og til slutt song og musikk frå to voldingar.Dei som og spelte lenge og dei var flinke. Eg 

synest det er kjekt at dei legg lista såpass høgt  til oss gamle. Dei lodda ut plantane som stod på bordet og diverse anna, for vi hadde ikkje betalt inngangspengar. Eg vann lyngen som stod på vårt bord. Eg plar sjeldan vinne noko,  Marit brukar alltid å vinne ein blomst.Men ikkje i dag. Saken var at eg ikkje hadde kontanter så eg hadde lånt ein 100 -lapp avMarit-som eg kjøpte lodd for........

Noko som er trist i dag, er at Svein, sambuaren til Margrete, har hamna på sjukehuset i Volda, med hjertetrøbbel, men vi håper at det går bra med han. Margrete har avlyst turen til Paris , men Ingeborg og Amanda reiser vel, som planlagt.

I morgon er det torsdag og då er det trening.Eg skal sjå om eg får til å legge innbilde frå "Festen".






 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...