Klokka er no17.25, temperaturen ute er +10 grader og det regnar; skikkeleg ufyseleg ver er det. Men eg har ved og omn, så eg har det varmt og koseleg inne.No skal eg snart sette på TV-en og finne fram strikketøyet. Hittil i dag har eg vore på spanskkurs og etterpå har eg laga mat , ete og vore ein tur opp til Marit.
Som vanleg vakna eg klokka 6 i dag utan å få sove igjen, så då stod eg opp like godt. Eg lurer veldig på korleis eg skal få meg litt meir søvn, men det ser ikkje ut til at eg treng det heller. Det var kjekt på spansk-kurset i dag, men vi er ikkje så mange der for tida.
Eg sende pengegåve til Rasmus, som skal feire 61-årsdagen i Danmark, på noko som heiter UCN, ein finn det på nettet. I fjor feira han 60-årsdagen her i Ørsta-det var veldig kjekt.
I morgon må eg prøve å komme meg på trening for i dag er eg no heilt OK-det var eg ikkje i går- før det leid på dag.Det er eit trasig ver vi har for tida , og no går det fort mot vinter, til helga skal vi stille klokka til normal-tid. Eg likar ikkje vinter, men eg har i alle fall fått vinterhjul til bilen på plass.
På bildet over ser det ut som der ligg noko blått på golvet-det gjer der ikkje.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar