torsdag, oktober 23, 2025

Dagbok 2025:23.oktober


 Klokka er no16.05, temperaturen ute er +9 grader C og det har vore ein strålande dag hittil, på vår side av bygda. På Melle der vi budde første tida vi var her har dei ikkje sol no .


Dette bildet tok eg frå altanen ei lita stund før klokka 16. Eg likar å ta bilde rett mot sola.. Ja, vi er no heldige som får sjå sola litt før ho forlet oss  og blir borte heilt til januar.

I dag vakna eg tidleg som vanleg, men treninga tek ikkje til før klokka ti, så eg hadde god tid til å gjere nok før den tid. Eg valde å begynne på spanskleksa som vi har til onsdag i komande veke, og eg fekk faktisk gjort litt.

I dag måtte eg fare åleine nedover. Etter at eg var ferdig med trimmen, var eg på apoteket og kjøpte litt medisin-til meg sjølv. Vi har leita og leita i avisene om  vaksinering, men ikkje funne noko, men eg tenkte eg fekk fare opp på Kulturhuset og sjå, og ja, der var det vaksinering , og då eg snakka med dei sa dei at der skulle ha vore avisinnlegg, men det kom berre ikkje inn. Eg fekk velje kor mange sprøyte eg ville ha. Eg tok berre Corona og vanleg influensa. Blir det bruk for fleire kan ein gå på apoteket og få alt ein vil ha av det som er tilgjengeleg. Ein kan få sett sprøytene der.

Det heiter seg at ein skal sitte og vente i 20 minutt etter at ein har fått vaksinen, men der var ikkje ei sjel som eg kjende så eg stakk av-som vanleg-

Eg var litt trøtt då eg kom heim, men eg greidde no å finne meg litt mat før eg la meg inn på dagsenga ei stund og slappa av. Eg står veldig tidleg opp, så det er ikkje rart om eg blir trøtt. I dag hadde det vore fint å jobbe ute, men eg trur ikkje eg har energi til det no. Eg såg brått at alpefiolen var begynt å henge med blomstrane, men eg håper eg fekk redda den. Den stod i ei svart "pyntepotte" og det tru eg ikkje var så lurt, no står den i ei kvit på kjøkkenbordet.

No skal erg snart finne fram strikketøyet mitt og sette på TV-en. så får vi sjå og høyre om krig og det som elles skjer. Sjeldan mykje positivt. Og i morgon er det fredag og då skal eg ikkje ut på noko, men vaske og rydda i heimen. 

Søndag fyller Rasmus 61 år, i fjor feira han fødselsdagen her i Ørsta, i år blir det i Danmark -på jobbtur der også-

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...