fredag, oktober 24, 2025

Dagbok 2925: 24.oktober


 Klokka er no 17.54, temperaturen ute er +8 grader C og det regnar. Det har vore ein litt trasig dag når det gjeld veret, men eg har vore inne heile dagen, så då er det ikkje så nøye med. Eg fyrer godt i omnen og kosar meg så godt eg kan. Sidan det er fredag i dag, tok eg det eg kallar fredagsvask, men då eg var ferdig med den, hadde eg meir energi, så då tok eg "julegardinene" og heiv dei i vaskemaskina, og dei andre gardinene la eg berre vekk-eg vaskar dei nå eg skal henge dei opp att . Alle gardiner eg har vaskar eg i maskina og henger dei opp våte. Det går veldig fint, med mine gardiner i alle fall. Eg stryk dei aldri. 

Før eg hengde opp  dei nyvaska gardinene måtte eg sjølvsagt pusse vindua. Eg synest eg har vore flink for alderen i dag. Men eg likar slikt arbeid også-ikkje berre hagearbeid. No har eg fyrt godt i omnen for det er litt hustre når det både er regn og kaldt. No held eg på å legge opp til eit nytt lestepar, det er Solveig som held meg med garn, og ho får dei ferdige lestane til lageret sitt-med tanke på heile familien.

Eg set no på TV-en men eg synest det er så mykje trist i verda, som eg ikkje har lyst å høyre.

I dag har eg ikkje vore lenger enn til postkassa, så i morgon må eg av garde og handle litt mat. Eg synest eg kjøper mykje mat, veit ikkje kvar alt blir av men no skal eg i alle fall unne meg ein kopp kaffi med noko attåt, noko som eg har fått av Margrete........

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...