Klokka er no 16.02 , temperaturen ute er +10 grader og vi har hatt ein fin dag med sol, så langt. Bildet over tok eg med det samme eg var skikkeleg oppe, då låg det skodde bårde her og der, ikkje minst i aust, der sola stod opp, men det vart fort betre, og vi hadde sol lenge men no kjem det meir og meir skyer.
Eg har ikkje gjort så mykje i dag, eg har sete litt her med PC-en og jobba litt med spanskleksa, og så har eg vore ein tur på butikken. Der var det mykje fine blomster i dag, men eg synest ikkje at matbutikkane skal handle så mykje med blomster, for det øydelegg for blomsterbutikkane.
Marit er heime åleine denne helga, så eg gjekk opp til henne og vi prata ei god stund, før eg gjekk heim og fyrte opp i omnen. Så no har eg det varmt og godt. Eg har ete eit måltid, men no skal eg lage meg ein kopp kaffi og ta fram strikketøyet. Og nå klokka blir 12 i kveld skruer eg tida til bake og får ei ekstra time. Det ser eg fram til.
Dersom bror min, Svein, hadde fått leve litt lenger, hadde han fylt 84 år i dag, men det er 3 år sidan han døde no. Det var berre vi to søskena, så det er eit stort sakn. Men han har mange etterkomerar, barn, barnebarn og oldebarn, og mange bur på Eid, så Strøm-familien eksisterer.
God helg ønsker eg alle som er innom bloggen.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar