søndag, oktober 26, 2025

Dagbok 2025: 26. oktober

Her er plass til fleire bilde enno.

Klokka er no16.55, temperaturen ute er + 6 grader og det regnar litt ute no. Det har vore overskya i heile dag og eg har vore inne. Eg har strikka og øvd på spanskleksa og sett TV, men eg vart til slutt så lei, at eg måtte finne på noko. Då fann eg på å rydde og vaska "barnebarn-veggen" i gangen.

Her har vi hengt opp bilde av barnebarna i alle år, og når dei kjem hit, særleg når dei er mange, så samlar dei seg og ser på barnebilda og flirer og ler av kvarandre-

Eg brukar å ta ned alle bilda og pusse glasa, pluss at eg vaskar veggen, Det gjer eg ein gong for året. I år har eg endra aldri så lite, så no har dei fått i oppgåve og finne ut kva det er.

Då eg var ferdig med den jobben, fann eg på å vaske stuevindua utanpå, eg pussa dei på innsida for eit par dagar sidan. Utvendig gjer eg det enkelt med mopp og hageslange, brukar mindre enn eit kvarter på jobben. No han det hende at eg braut helgedagsfreden og forstyrra naboane, men eg greier ikkje å sitte ein heil dag utan å få gjort noko- så eg vonar dei tilgjev meg.

Det er Rasmus sin fødselsdag i dag. Han skulle eigentleg til Danmark i helga, men det vart utsett til tysdag, så i dag feirer han dagen med familien på Kongsberg- i fjor feira han 60-årsdag heime hos meg. Det er litt rart å vere mor til 60-åringar, men enda rarare å vere bestemor til ein 40-åring. 

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...