Eg har vore heme åleine i dag også, og eg har ikkje utretta så mykje. Eg har vaska klede og vaska opp, men det er no maskinene som tek seg av slikt.
Eg har kjøpt kvit maling og har tenkt å male alle lister og dørkarmar etc. men det vart ikkje mykje gjort i dag. Trur eg må sette meg betre inn i korleis eg skal gjere det. Men eg har no malt før, Nils tolte ikkje malinglukt så det var eg som tok meg av små malarjobbar. No trur eg at eg må høyre med Einar korleis eg skal få gjort det. Det er han som brukar å male huset etc Så han er kyndig.
Det vart ikkje mykje gjort i dag, men eg har no laga meg middag og eg har strikka litt etc.Eg er skuffa over at det ikkje blir ver til å vere ute for eg er ikkje ferdig med hagearbeidet. Men det som er litt trasig er at eg ikkje får gå tur på Fonnvernet, for det har eg brukt å gjere nesten kvar dag i mange år, no har eg ein vond fot, så eg må halde meg i ro. Men i morgon skal vi no på trening i alle fall.
Det er ikkje langt å gå rett over gata til Marit

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar