tirsdag, oktober 28, 2025

Dagbok 2025: 28.oktober


 Klokka er no 1657, temperaturen ute er + 6 graderC og det har vore rimeleg bra ver i dag, med ein god del sol, men i fjella ligg snøen og lurer på om han skal ta seg ein tur ned. Eg håper ikkje han kjem på ei stund enno-julafta t.d.. Det kunne passe?

I dag var vi på trening, og der fekk vi treffe ei nabojente som vi ikkje har sett på mange år. Det var veldig kjekt. Elles så var vi på KIWI og handla på heimvegen.

Eg hadde potetstappe att frå i går, så då vart det pølser og stappe i dag også, eg er ikkje så nøye på kva eg et-eg har ein appetitt som godt kunne dempe seg litt.

Etter middag sette eg meg inn i ein stol og sovna ei lita stund. Det er bra at eg søv litt innimellom for natta er ikkje lang her i huset. 

Etter at eg hadde fått meg ein kaffikopp tok eg ein tur til Vik for å handle litt på Europris. Eg fekk mellom anna kjøpt ei liten sekk med blomstermold til potteplantar.

No blir det strkketøy og nyheiter det meste av kvelden-trur eg.

I morgon skal eg ikkje på spansken før  klokka13, så då har eg føremiddagen til å jobbe med leksa- og det trengst sikkert.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...