Mold i garasjebeddet
Klokka er no16.52, temperaturen ute er +8 grader og det er overskya. Tidlegare i dag hadde vi litt sol.
Dette har vore ein litt rar dag. Eg vakna tidleg og stod opp, men merka snart at eg ikkje var i form, det var noko slikt eg var borti sist laurdag også, men då vart eg no bra igjen- I dag bestemte eg meg for å ikkje gå på trening, så det vart til at både Marit og eg skofta treninga i dag.
Eg la meg på datarommet og sovna, og det gjorde godt. Då eg vakna og stod opp i halv 12 tida gjorde eg ferdig spanskleksa før eg gjekk ut og jobba i hagen. Først tok eg det eg kallar "Garasjebeddet" og rydda opp så godt eg kunne før eg la utover ein heil sekk med mold. Etterpå gjekk eg bort på andre sida og klipte heilt ned gravmyrten på muren der. Til slutt vaska eg singelen; for å få minst muleg mold og gras etc i singelen tek eg ei bytte vatn og hiv oppi singelen som har fått mold m.m. på seg. Blad,gras etc. flyt opp og eg kan ta det vekk, så har eg rein singel igjen.
Då eg var ferdig med den jobben var klokka nærmare 16.30, så eg gjekk inn og tok meg litt mat. og no kjenner eg at eg ikkje er heilt bra igjen. Eg hadde det slik sist laurdag også, men då vart eg bra , så eg håper det går slik no også.
Gravmyrten er klipt



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar