Klokka er no ca23, temperaturen ute er +8 grader og no regnar det. "Temperaturen stiger" står det nedst på skjermen min.
I dag tenkte eg å få gjort ferdig spansk-leksa i god tid og eg begynte bra, men så hadde eg eit uhell med datamaskina, så eg kom meg ikkje inn att på Google, og då var eg hjelpelaus. Eg forstod ikkje kva som var gale og eg har bala i heile dag, sende bod på Erlend men han var på jobb i Volda, så sende eg melding til Helge, men han var på veg til Spania. Ein av naboane var også innom, men ho fann ikkje feilen. Eg tenkte eg fekk vente å sjå om Erlend kom heim, men han er vel ikkje ventande enno.
Men....så vart alt i orden på litt under no time, for Amanda sende ei melding der ho sa kva eg skulle gjere-og eg gjorde det! Og alt er i orden- takk og lov! Det som er litt surt er at eg trur det samme har hendt før og at eg har blitt skolert av ein eller annan-men gløymt det. OK- alt er bra no-
Det første eg gjorde i dag etter at eg var komen på beina, var at eg samla sekkane mine og køyrde på VØR, der trur eg dei kjenner meg no. Då eg var ferdig der, køyrde eg bort på Plantasjen og kjøpte 5 sekker med billeg mold som eg skal legge på her og der, ikkje alt no, resten kan få ligge til våren, for då er der alltid behov.Etterpå måtte eg vaske både jakka og buksa som eg hadde på meg, for sekkane var fulle av mold og så var dei våte.
Eg treng heldigvis ikkje legge meg enno, så no kan eg kose meg med " Reels and short videos " ei stund og så høyre litt song og musikk. Eg måtte faktisk gå inn på TV-en for å få litt underhaldning på You Tube mens eg sat å strikka. Elles er det no berre krig og anna galskap.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar