søndag, oktober 19, 2025

dagbok 20 25: 19.oktober


Klokka er no snart halv sju, bildet tok eg for eo lita stund sidan. Ute er det+ 10 grader no, så det kan hende at snøen i fjella smeltar. Men så lenge snøen held seg berre der er det greitt.

I dag har det vore ein sløv dag. Eg vakna som vanleg klokka 6 og fekk ikkje til å sove lenger, så eg var tidleg oppe. Men seinare sovna eg framfor TV-en, etter at eg hadde fyrt godt i omnen.Og det gjorde godt.

Det har ikkje hendt så mykje i dag, eg har no sete her og strikka litt , og så har eg rydda her og der. No på ettermiddagen kom Marit nedom ei lita stud, såpass ho fekk smake Solveig si eplekake. (Ho var invitert).

Erlend kom heim no nyleg, han hadde vore på øving i dag , men så har han jobben sin i Volda også, men eg veit ikkje om han skulle i kveld.

I morgon må eg prøve å komme med til VØR, for det står mange store, svarte sekkar rundt omkring som eg må ha vekk. Det er mykje å rydde i hagen før vinteren kjem. Berre det blir ver til å vere ute går det bra. Det som ein får rydda no, slepp ein å ta til våren.


                Det mørknar tidleg no. Men vi har vel sommartid enno?
Eg ser i boka mi at sommartida sluttar søndarg 26.oktober, neste søndag altså.

 

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...