Eg gjekk ut tidleg på føremiddagen og sette ut billen så han som kom med veden kunne ryfgge heilt inn i garasjen,g så begynte eg å vente på ha. Eg hadde gløymt at eg fekk melding frå han i går om at han kom i 14-tida.Og då kom han og bar alle sekkane inn i garsjen der eg hadde greidd å rydde ei krå med plass for 15 sekkar. Godt å ha brensel "i hus" same kva som skjer på verfronten--somme gonger er det godt å ha litt attåt varmepumpa.
Det vart ein lang føremiddag men eg fekk gjort litt av kvart. Ikkje minst fekk eg sett i gang med å jobbe med spansk-leksa, for det tek si tid. Men det var kjekt å jobbe med den når eg hadde så god tid. Strikka litt også, men fredagsvasken har eg sett på vent. Eg går no ikkje og vaskar når det ikkje er behov. Sette på TV-en såpass eg fekk vite at TRUMP ikkje fekk fredsprisen denne gongen-men kanskje neste gong? Det kjem no an på korleis det går framover.
Eg kokte meg litt risgraut til "middag", og så sette eg meg til med spansken igjen. Eg tenkte det ville vere betre å gjere litt kvar dag enn å sitte på morgonen den dagen vi har undervisning og prøve å få til noko. Eg hadde eigentleg tenkt å slutte, men ville møte opp første dagen og seie ifrå. Det vart til at eg held framei stund til. Litt har eg no lært på desse åra.
Det går veldig bra med Svein på sjukehuset, han har fått medisinar som hjelper-Margrete fekk ikkje reise til Paris denne gongen, men ho sparer til ein ny tur.
Eg er litt skuffa over veret, for eg hadde meir eg skulle gjere i hagen før vinteren og snøen kjem, og så saknar eg å gå tur på Vernet, både på grunn av den vonde foten og veret.
Våtare blir det ikkje. Ønsker alle ei god innehelg!


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar