Klokka er no 18.40, temperaturen ute er +7 grader , og det har regna meir og mindre i heile dag, Dette er det eg kallar innever - som tek frå meg heile humøret. Eg har liksom haustferie i dag, så eg skulle ikkje på trening eller noko anna .Eg hadde i grunnen ikkje tenkt å gjere så mykje verken inne eller ute, så det vart til at eg sat og strikka. Lyspunktet i dag var at naboen kom og gav meg nokre bilde og så sat ho her og fortalde meg diverse om sin familie som eg sjølvsagt kjenner. Vi flytta inn i husa våre på samme dagen, så vi kjenner kvarandre godt -både vi eldste og barn og barnebarn.
Det einaste eg har gjort i dag er å strikke ferdig eit lestepar, og så var eg ein tur på butikken og handla diverse matvarer. Eg skulle så gjerne ha hatt nokre fineversdagar så eg hadde fått rydda opp i hagen før vinteren kjem. Eg hugsa oktober i fjor, då var det i alle fall nokre dagar som var veldig fine.
Det positive i dag er at det går så bra med Svein på sjukehuset, han blir betre for kvar dag. Jentene i Paris har eg ikkje høyrt noko frå,men eg reknar med at Margrete har kontakt med dei. Dei må vel snart ta vegen heim att;haust- ferien er ikkje lang. Nils og eg var i syden i to haustferiar og ein vinterferie. Det var no berre ei veke ferie den gongen også, men det var i grunnen nok.
Eg er ikkje god i venstrefoten , men hadde det vore opplett i dag hadde eg gått på Fonnvernet for eg blir så lei av å sitte inne. Eg hadde gledd meg på fine haustdagar, eg likar godt hausten, berre det er fint ver. I morgon er det fredag og då kjem her ein mann med 15 sekkar ved til meg. Det er den samme som eg kjøpte ved med i fjor. Eg greidde å rydde såpass i garasjen at eg trur eg skal få plass til veden. Eg har no heimelaga ved også, men den er ikkje heilt tørr enno. Eg snakkar om plommetreet som Rasmus tok ned i sommar. Eg skal i alle fall ikkje fryse i vinter uansett ver. Til eldre eg blir, til mindre likar eg vinteren.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar