lørdag, oktober 11, 2025

Dagbok 2025: 11.oktober


                                                   Skodde og regn-dag etter dag.

   Klokka er no 16.30,temperaturen ute er + 10 grader og det regnar og regnar. Eg kan visst berre gløyme å få rydda opp i hagen før snøen og vinteren kjem. I fjor då Rasmus var her ein tur i oktober, då var det så fint, og så varmt at vi måtte ha opp altandøra mens vi sat og åt. Det var den 26.oktober.

I dag låg eg lenge, stod ikkje opp før klokka var kvart over 9. Eg hadde ingen planar for dagen, anna enn at eg skulle ein tur på butikken. Det var eit par ting eg mangla. Og så var Marit åleine heime og mangla kattamat, så eg kunne få med det også. På parkerinsplassen var det nesten heilt fult så det var ikkje berre eg som var ute i regnet. Takk og pris for bilen, seier eg, den er god å ha. Eg brukar ikkje å ta imot kassalapp når eg handlar, men sidan eg kjøpte for Marit også tok eg i mot kassalappen. Eg har lurt litt på kvifor ikkje sluttsummen har vore større når eg handla, for eg ser no prisen på varene når eg går rundt. I dag fekk eg forklaringa: Dei slår inn prisen som står på varene, men så blir prisen endra fordi det blir trekt 25 prosent ifrå dei fleste varene før summane blir lagt i hop. Så heretter vil eg sjekke lappen.

Eg hadde litt kjøttdeig i frysedelen på kjøleskapet, så i dag laga eg meg Taco, det er ikkje kvar dag eg lagar middag.

Elles har eg sete og strikka litt mens eg har sett på kraftige kvinner som løfter vekter. VM i Førde , det synest eg er artig. Eg føler meg litt heime i Førde fordi eg budde  på dei kantar eit år i ungdommen. Eg er komen heilt ut av tidsrekninga , for ikkje vaska eg fredagsreint i går, og ikkje har eg vaska i dag heller. Men eg veit no at det er søndag i morgon uansett.

Eg sit mykje ved datamaskina, eg er ikkje berre på FB, men eg høyrer mykje song og musikk , og eg har fått meg ein ny favoritt her. Somme tider legg eg kabal også og så brukar eg maskina til å lære spansk på Google translate. Mange sit og fiklar med telefonane sine, eg brukar datamaskina. PÅ "Reels and short videos", lærer eg spansk og mykje anna, til dømes geografi og hovudrekning og mykje anna. Eg friskar opp gammal kunnskap der. No skal eg sette meg inn i stova og strikke på lesten, eg har tatt inn ved, men ikkje fyrt opp -enno i alle fall.

                                                                   Solstolane får vaska seg.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...