Klokka er no 15.44, temperaturen ute har no stige til + 5 grader, og det er bra, for då får eg i det minste køyre til butikken i morgon.
I dag har eg ikkje gjort så mykje, eg har tatt fredagsvasken, men det er ikkje så mykje i det. Men eg fekk både avisa Møre Nytt og bladet "Pensjonisten" i dag, dermed vart det Sudoku og kryssord å bale med. Kryssordet var lett i dag, så det er nesten i boks. Litt verre med Sudokuen, men eg plar no få den til- til slutt.
Eg har gått og lurt på om eg skulle fare på VØR med hageavfall, men då eg nesten hadde bestemt meg og såg på opningstidene, då var det for seint- Så no får eg heller ta fram strikketøyet. Skulle gjerne gått ein tur på Vernet, men venstrefoten protesterer- så eg får berre la det vere. Kanskje foten blir bra ein gong?
Siste dagen i oktober i dag, så no er det snart jul. Eg har no hengt opp julegardiner på stova så eg er i gang med førebuingane. Småkaker har eg slutta å bake for lenge sidan, men eg har kjøpt ein boks på KIWI i fall nokon stikk innom. Solveig og Øystein kjem i alle fall ikkje denne helga, for dei reiser til Bergen i dag.Og Einar for ein tur til London. Eg får halde meg heime og det er heilt i orden.
Ønsker alle ei god helg i alle fall !

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar