Eg hadde mat att frå i går så det gjekk fort å fikse seg ein middag. Dørene hadde stått meir og mindre opne så det var kaldt i huset. Eg fyrte opp,med gammal ved, og snart var det varmt og godt. Eg sette meg til å strikke på ein lest som eg begynte på i går kveld. Eg fekk så mykje fint garn av Solveig sist ho var her, at no er det ei fryd å strikke til lestelageret hennar. Eit lager som skal komme alle i storfamilien til gode.
I morgon skal eg på trening igjen, eg må vel ta det litt lett for foten vart litt dårleg igjen etter at eg gjekk på Vernet i går. Trasig å ikkje kunne gå når ein vil.
Spanskkurset er på onsdag, så eg jobbar litt med spansken innimellom også. Nei, språk bør ein lære seg når ein er unge, å starte etter ein har passert 80 er ikkje så lurt. Men det er no kjekt å vere i lag og der er fleire gamle, til og med ei som er eit halvt år eldre enn eg, men ho har lært spansk før også.
Eg håper på ein "indian summer".slik at eg får rydde skikkeleg i hagen før vinteren kjem. Då er det kjekkare å ta i mot våren når den kjem.
Tida går fort no, fram mot jul. Såg at dei selde pinnekjøt på KIWI no. Har ikkje sjekka om julebaksten er komen på plass.
Dette garnet var godt å strikke,


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar