tirsdag, oktober 14, 2025

Dagbok 2025: 14. oktober


 Denne blomsten har stått ute heile sommaren,men no lurer eg på om eg skal dele den opp i mindre plantar og så om dei trivst inne. Det er som de ser ein Geranium.


No har eg sete her med datamaskina nesten i heile dag, så no kan eg like godt skrive blogg med det samme, før eg forflyttar meg inn i stova. Ute regnar det i dag også og skodda ligg heilt ned. Temperaturen er ca +10 grader.

I dag har eg vore på trening, og då eg kom heim var det rett inn til datamaskina for å jobbe med spansk-leksa til i morgon. Då fekk eg melding frå Rasmus om at eg måtte ta bilde av hjula på bilen  min med dekk , så han fekk sjå kor det stod til, han hadde tru på at eg trong nye vinterdekk/vinterhjul. Etter litt prat att og fram hadde han orientert seg om kvar eg kunne få kjøpt dekk i Ørsta, men så fann han ein kar i Volda som skulle selje 4 hjul relativt billeg, og før dagen var omme hadde eg fått 4 nye hjul i garasjen, levert og betalt(av Rasmus). Men eg kan ikkje ha på dei nye hjula før snøen kjem, trur eg. Eg har sjølvsagt betalt Rasmus pr. Vipps. Grunnen til at mannen selde dekka var at hjula var for store til hans bil, som likna på min, men altså med mindre hjul. Eg spurde Rasmus om han kom heim på fødselsdagen sin i år som i fjor, men det gjer han ikkje, for då er han i Danmark.

Innimellom alt anna som hender prøver eg å få litt spansk inn i hovudet mitt, men det går treigt. Heldigvis får eg vere med på kurset sjølv om eg ikkje heng så godt med lenger. Eg greier i alle fall å lese dei spanske tekstane nokonlunde rett. Men det er verre å lage setningane sjølv. Det er for seint å lære eit nytt språk etter at ein har runda 80, trur eg.I morgon skal eg på kurs.

No skal eg gå og ta eit bilde av dei nye hjula mine. 



Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...