I dag har det vore kjedelig ver, med regn og grått. Eg vakna grytidleg etter å ha sovna sein, så eg har gått meir og mindre i ørska i dag. Det var ikkje mykje eg fekk med meg av spansken i dag, nei. Eg var innom KIWI på heimvegen, og så var eg ein tur opp til Marit etter at eg kom heim, elles har eg fyrt i omnen litt og sete og strikka framfor TV-en, som vanleg. I morgon er det trening og så er denne veka nesten slutt. Kanskje eg får besøk av Einar i morgon. Han skulle kjøpe litt maling til meg, for eg treng å fiffe opp litt her og der. Det var ein del eg malte før i tida også, for Nils var heilt allergisk mot malingslukta. Eg måtte male mens han var ute og fiska.
Eg er så glad for at Rasmus kjøpte nye hjul til bilen min i går. Han ordnar alt muleg berre ved å sitte med datamaskina si. Eg skal ikkje ha på dei nye hjula før det blir snø og vinterføre. Heldigvis har eg nokon som kan hjelpe meg med det også. Det er ikkje alt eg kan gjere sjølv. Det er langt frå det.
No skal eg strikke litt meir og sjå TV-som vanleg.
Ørsta by night


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar