torsdag, oktober 16, 2025

Dagbok 2025:16.oktober


Klokka er no19.45, temperaturen ut er + 5 grader C , og i dag har vi hatt både sol og regn.I frå 10-11 var vi på trening og så handla vi på KIWI på heimvegen. Eg hadde ikkje så mykje å gjere heime i dag, så eg sat og strikka litt. Eg venta Einar til middag , men han skulle ikkje komme før nærmare kl.18. Eg tenkte vi skulle ete middag i lag, så eg fann fram kjøttkaker frå frysaren, laga laga saus, skrelte poteter etc, etc,

Så sat eg ei stund og såg TV mens eg strikka. Eg fekk sånt fint garn no sist - med Solveig, så det var kjekt å strikke.Eg har tatt inn ein lampe som er god å ha når ein skal styre med handarbeid.

Då Einar kom hadde vi som vanleg mykje å snakke om så tida gjekk fort. Han fekk no sjå dei nye bilhjula mine, det blir kanskje han som må sette dei på. Han var i alle fall overbevist om at eg ikkje skulle sette til vinteren med dei hjula eg har. 

Einar kunne ikkje vere så lenge, for der er ein tunnel på vegen som dei stenger om kvelden fordi dei skal jobbe der på natta. I morgon er det fredag igjen, då skal ef førebu eit lite selskap på laurdag-trur eg.

Eg har så lyst å styre litt meir i hagen før vinteren kjem, men då må det vere opplett. Marit Urke og eg skal til  dømes klippe hekken som vi eig i lag, og eg har diverse anna også som eg må rydde opp i.Foten min er ikkje god nok til at eg kan gå så mykje tur, men eg greier meg bra heime i hagen.

 

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...