Då eg klipte og rydda rundt desse plantane , fylte eg ein stor svart sekk. det har vore litt dårleg stell i hagen i seinare tid. (På grunn av veret)
Klokka er no16.45 og eg kom nettopp inn etter å ha jobba i hagen nokre timar. temperaturen ute er no +8 grader ute og sola skin. Det har ho gjort stort sett i heile dag, men snøen ligg enno langt ned etter fjellsidene.
Eg veit at det er fredag, men eg synest det liknar på søndag, kanskje fordi eg har gjort lite og ingen ting inne i huset, men eg har gjort nokså mykje ute. 2-3 store svarte sekker er fulle av boss som skal på VØR, men det blir ikkje før etter helga.
Eg ligg litt etter med hagearbeidet, men det er på grunn av veret som vi har hatt i det siste, det har ikkje vore råd å få gjort nokopå grunn av veret.
Eg skulle hatt god lyst å gå tur på Vernet, men den vestrefoten og hofta er ikkje heilt gode. Kvar gong eg har sete i ro og røyser meg opp att haltar eg. Men eg har ikkje vondt når eg sit i ro, så det går bra likevel.Eg tok nokre vbilde i hagen ,men har ikkje fått dei over på bloggen enno. Eg får prøve igjen.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar