torsdag, oktober 02, 2025

Dagbok 2025:2.oktober

Klokka er no 19.24 og temperaturen ute er +11grader C , og det regnar og bles litt

I dag stod eg og såg i bokhylla og såg denne boka. Eg har no sikkert sett den før, men ikkje  på lenge. Eg bladde i den og såg på konfirmasjonsbilde etc. Eg fann både Anne Marie og Rolf, men ikkje Nils. Men der er fleire kyrkjer i Solund, og dette er ikkje den som er nærmast Trovågen.Denne ligg i hovudstaden Hardbakke.

I dag har det vore ein sløv dag for meg. Rett nok var eg på trening frå 10 til 11, og så var vi innom butikken på heimvegen. Men etter det har det hendt lite og ingen ting, men det kan kanskje vere det beste. I går vart mannen til Margrete innlagt på sjukehuset , heldigvis er han betre i dag, men eg trur ikkje Margrete kjem til å reise til Paris,  som planlagt, så då får Ingeborg og Amanda  reise åleine. Særleg Ingeborg er veldig "bereist" så det går nok bra. Det er haustferie komande veke her hos oss.

I dag har eg vore lat. Eg skulle ha jobba ute i hagen, men det var surt og kaldt, så eg kveikte opp i omnen og tok fram strikketøyet og sette på TV-en. I morgon er det fredag og vaskedag, så då kan eg no gjere ein liten innsats. Det er alltid noko å gjere for den som vil. Men eg er no pensjonist...........

Før las eg bøker heile tida og eg har lyst å prøve å komme i gang med det igjen. Den boka eg har tenkt å lese no, er den nye boka til Jon Fosse; bøkene hans er korte i alle fall, så då er det overkomeleg. Eg har likt dei eg har lese før.


 

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...