Klokka er no 17.42, temperaturen ute er + 16 grader C, og i dag har vi både regn og vind .
Eg er litt sint på meg sjølv i dag fordi eg har vore så lat. Då eg var ferdig med fredagsvasken inne, skulle eg i grunnen ut i hagen og jobbe der, men så var det så kaldt og så bles det, så eg ville heller vere inne. Eg kunne no eigentleg rydda i garasjen, men der var det så mykje rot og så var det no litt kaldt et cetera et cetera-konklusjonen vart at det var best å vere inne. Eigentleg skulle eg vore til Vik også, men det får vere til i morgon. Då skal eg gjere ærenda mine først best best.
Då skal eg på ALTI blant anna.Eg kjem til å vee der med det same dei opnar, for eg er alltid tidleg oppe.
Når eg likevel var inne, så blei det strikketøy og TV-og det får vere greit nok. Det er no litt nyttig- strikkinga altså. Marit skal på hytta i helga så då skal eg mate LOLLO og det er no berre kjekt. Ho kjem som regel ned til meg mes det same Marit er vekke.
No får dei haustferie dei som jobbar i skulen, både lærarar og elevar.Ingeborg og Amanfda skal til Paris, men Margrete blir heime sidan Svein vart sjuk og ligg på sjukehuset i Volda, ho skulle eigentleg ha vore med.
Eg hadde besøk av "snikkaren min " i dag, han lurte på om han hadde lagt attei øks, men det hadde han ikkje. Han la merke til at eg hadde (skam)-klipt ripsbuska.
No kom sola, men det blæs ute. Det er så kjekt med vind, for her blæs det nesten aldri. Kunne tenkt meg ein tur å Vernet no-for der blæs det meir enn her.
Sol og vind i dag, og regn innimellom


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar