Klokka er no 16.22 ,temperaturen ute er +16 grader, det bles let litt enno, men ikkje så mykje som før. Det er sjeldan med vind her, eg likar vind , men ikkje så sterk art den øydelegg noko.
I dag stod eg opp og åt frokost klokka 6, men eg la meg inn att i senga og låg til nærmare 8. Eg hadde ikkje så mykje på programmet i dag, berre det et eg skulle på apoteket og på KiWI, litt medisin og litt mat.
I dag fann eg ut at eg skulle lage noko til middag, så eg kjøpte kyllingkjøtt og noko i ein pose som skulle bli saus. Det vart no nokså godt, men eg syntest det vart litt styr med steiking og koking og oppvask. Det hadde eg berre godt av.
Eg treng no ikkje å sitte og strikke heile tida, og i dag fekk eg melding på telefonen frå han eg kjøpte ved med i fjor. Han ville vite om eg ville ha ved i år også, og det vil eg. Men då kjem eg tilbake til den uryddige garasjen, den må eg shine opp før neste helg. Eg er litt usikker på kva eg kan kaste av t.d. malingspann og kostar; ein del fiskeutstyr kunne eg også klart meg utan. Det er fullt over alt både i tilbygg og kjellar etc. Vi har budd i dette huset i 50 år og vel så det, så mykje har vi samla i hop. Men eg trur eg skal få orden på det, såpass vi får inn veden.
No er det haustferie for mange i familien, men eg trur ikkje at eg har heilt fri, frå tening og spansk-kurs, har ikkje sjekka det
Eg har lyst å gå på Vernet, men venstrefoten er ikkje heilt god, så eg bør la det vere.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar