tirsdag, oktober 07, 2025

Dagbok 2025: 7.oktober



Klokka er no 18.41, temperaturen ute er +10 grader C, og akkurat no er det opplett, før i dag har det no regna ein del. Eg måtte fare åleine på treninga i dag, for Marit var ikkje i form. Torsdag skal vi ikkje trene, då er det haustferie for oss også. Det er ikkje haustferie på spansken, så i dag har eg sett litt på leksa til i morgon.

Med det samme eg kom heim frå treninga i dag begynte eg å rydde i garasjen; så veldig ryddig vart det ikkje, men eg greidde å lage plass til 15 vedsekkar som eg får tilkøyrt hit på fredag. Eg har nokså mykje ved frå før, men ikkje alt er tørt nok til å brenne.Garasjen skulle ha vore dobbelt så stor, for no har vi budd her i over 50 år, og då samlar ein nokså mykje i hop.Vi har no tilbygget , men der er fullt der også.

Eg treng nokre dagar med veldig fint ver, slik at eg får rydde skikkeleg opp i hagen og får køyre nokre lass på VØR, før hausten kjem for alvor.

Rasmus har fødselsdag i oktober og då feira han 60-årsdagen her i fjor, og det var så fin og mild som ein sommardag-skal tru om det blir slik i år. 

No skal eg strikke ferdig eit lestepar, det er det eg gjer når eg ser tv, strikkar lestar altså.

Og så må eg sjå om Trump greier i skape fred på jord. Gjev det var så vel.

                                                         Det mørknar tidleg no.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...