I dag har eg hatt ein kjekk dag, med mykje innhald, til denne tid- Eg hadde avtale med Solveig om at ho skulle komme og vere med meg i banken og ordne opp i saker og ting. Ho hadde førebudd seg godt så det vart orden på mykje. Eg skal innrømme at eg ikkje er så flink å "handtere" pengar, men eg har no greidd å betale det eg skal..... om det kanskje har tatt litt tid. No har Solveig ordna ut, så eg skal spare pengar-trur eg. Men eg råder framleis over min eigen økonomi.
Etter at vi var ferdige i banken, var vi innom den nye blomsterbutilkken i Gågata, der Solveig kjøpte ein plante til Margrete. Ingeborg og Amanda måtte reise åleine til Paris, sidan sambuaren til Margrete hamna på sjukehuset i Volda. Og der ligg han enno. Margrete skulle til Volda, så Solveig ringde og bad henne komme til ALTI i Ørsta der ho og eg hadde kost oss med kaffi og kake, og gått i butikkar over heile huset. Då Margrete kom, vart det middag, dvs. Pizza. Og som dei gode gamle vi er, greidde vi å få ned heile pizzaen og drikke opp all brusen. Så ingen ting gjekk til spille.
No skal eg kose meg og strikke lestar av det fine garnet Solveig kom med, men først må eg gjere ferdig det eg held på med.
Det var mykje folk ute og gjekk i dag, det er vel fordi mange har haustferie; det har ikkje eg. Eg skal på trening i morgon og onsdag er det spansk-kurs. Torsdag har vi faktisk fri vi også-vi som trenar i lag.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar