søndag, juni 30, 2024

Dagbok 2024: 30.juni

 

                          Dette var det einaste bildet  som ville fram. Eg kallar dette                "garasjebeddet.

Klokka er no 21.17, temperaturen ute er + 16 graderC, det er overskya og litt regn,

Eg trur ikkje at sola har vore framme i dag. Men eg gjekk no ein tur på Vernet på føremiddagen likevel. Og så var eg oppe med Marit ei stund, for ho var heime åleine. Middag fann eg i frysaren, så det vart lettvint.Etter middagen gjekk eg ut i åkeren min og plukka jordbær  Elles har eg sete mykje her på PC-en  og så har eg strikka litt igjen. Det har vore ein pause. 

Eg gjorde meg klar til å skrive Blogg, men det var heilt umuleg, eg kom ikkje inn på min eigen Blogg, enda eg gjorde alt som eg vart bedt om på PC-en og telefonen. Til slutt gav eg opp og ringde til Helge, og han kom når fotballkampen var slutt. Men då han skulle reparere var PC-en heilt i orden, han måtte berre ha litt tid på å komme seg. 

Men sidan Helge likevel var her fekk eg han til å finne ut korleis eg skal få norsk  tekst på norske program, og det fekk han også til, så spørs det om eg greier det. Einar fekk det til då han var her og vi skreiv det ned, men eg fann det ikkje att. Og det spørs om det går samme vegen no. Då Rasmus var her lærte eg ein måte og brukte den, men så plutseleg ein dag var heile TV-en forandra, det har vel mange andre erfart også. Eg må ha norsk tekst på nyheitsprogram t.d. for eg forstår ikkje alltid kva dei seier-No var eg glad for at alt virka så bra, men så skulle eg legge inn bilde her på sida,  det funka ikkje, men eg skal prøve ein gong til. Av og til går det litt tid før maskina reagerer.

I morgon reiser døtrene mine på ferie og eg håper dei får det kjekt for det fortener dei . Eg kan ønske dei GOD TUR her-


lørdag, juni 29, 2024

Dagbok 2024: 29.juni


 Klokka er no 18.20, temperaturen ute er + 17 grader C, det er skya, men opphaldsver.

Eg har eit problem med det at eg trur på laurdag at det er sundag, slik var det også i dag, Og eg trong ikkje fare på butikken, noko som brukar å rette opp feilen.

I går vart eg låk i føtene når eg skulle gå på Vernet, derfor gjekk eg tidlegare i dag; det var litt regn i lufta men eg tok sjansen. 

Som før sagt likar eg å følgje med på alt som spirer og gror når eg går turane mine. I dag sjekka eg kor langt det var kome med Geitramsen, men den hadde ikkje vakse så mykje sidan sist,  der er ein heil bakke full som står klar til blomstring. Åsmundmarka slo dei før i veke og no låg der kvite rundballar. Kjekt at den marka som er rydda får godt stell. Det er for lite dyrka mark att i Ørsta, så det er bra å ta vare på det som er.

Det var ikkje heilt fritt for regndropar i dag, men ikkje så mykje at det gjorde meg noko. Eg sat litt på benkane i dag også for å få vere ute litt lenger enn turen tek.

Det grøne som står nedom gjerdet er små tre , lerk og gran for det meste. Kanskje det kan bli ein heil skog ein gong-

Det vart litt regn på siste delen av turen, men ikkje så mykje at det gjorde noko.

Eg hadde ikkje så mykje å gjere her heime i dag, det blir litt mykje "Reels and short videos" slike dagar, men så kan eg håpe på at litt av spansken festar seg i hjernesellene mine. 

Marit vart åleine heime ei stund i dag, så eg gjekk opp til henne og prata ei stund, men ikkje lenge for så fekk eg melding frå Amanda og telefon frå Margrete og dei ville komme på besøk. 

Det var no veldig kjekt, og så hadde dei med seg dei to kjekke hundane sine Albert og Dennis. Vi drakk kaffi i lag, og Margrete hadde kjøpt gode kaker på butikken. På mandag reiser dei på tur til Solund og blir vekke ca 1 veke. Eg blir heime her heile sommaren , trur eg, men får sikkert besøk av fleire i familien.

Eg er godt fornøgd med å  vere heime og styre i hagen og ta imot diverse besøk.

Eg kom meg no ikkje på Plantasjen i dag heller, men det er ikkje så farleg.

Eg ser nesten ikkje TV for tida, der er no berre fotball og anna idrett, og så gidd eg ikkje å søke på andre kanalar. Så blir det å sitte med Reels....... Før var eg glad i å lese, det fristar ikkje så mykje no lenger, dessverre. Eg har no bøker i massevis, men sjeldan eg finn noko som fengslar meg. Eg er litt lei for det.

Eg diskuterte med naboen ein dag, og vi var samde om at forfattarane ikkje må skrive berre om "Gamle dagar" og det som hende då, men ta for seg problem i vår eiga tid, slik Øystein gjorde i den boka eg fekk til jul.(Naboen las også den boka).

                         

                                                  VEGEN HEIM



egen heim.

fredag, juni 28, 2024

Dagbok 2024: 28.juni


Klokka er no18.18, temperaturen ute er +21 grader C, men det har vore mykje varmare før i dag, det var +26 grader sist eg såg etter. No har det også skya over,og sola er borte.

Sidan det er fredag vaska eg til helga og eg støvsuga også. Då eg var ferdig med husarbeidet gjekk eg ein tur på Vernet. Eg blir ofte låk i føtene når det er varmt, så i dag sat eg på alle benkane på Vernet - ei god stund på kvar-sat og sola meg då. Det var ikkje så mykje folk der så tidleg på dagen.

Då eg kom heim laga eg meg litt lunsj og så la eg meg på dagsenga og kvilte litt. Viss eg set meg i godstolen brukar eg å sovne, og viss eg sovnar kan eg like godt ligge skikkeleg.Tenkjer eg.  Eg låg no ikkje så lenge, før eg gjekk ut i hagen og plukka jordbær i åkeren min. Eg hadde på sukker og ein liten fløteskvett, bæra var ikkje så gode som dei skulle ha vore, men dei gjekk ned. Eg trur det hadde gjort seg med ei lita regnbye i dag, for å friske opp litt. Eg skal ikkje gjere noko i hagen i dag, for no er klokka halv sju og eg plar slutte av til klokka 7.

 No har eg masa så lenge om eg eg vil bort på Plantasjen og andre butikkar i Furene, så i morgon eg komme meg bort. Tidleg.

Eg har nesten ikkje hatt på TV i seinare tid, for der er stort sett berre fotball og andre idrettar og det interesserer meg veldig lite. Og eg likar ikkje å strikke når det er varmt og lyst. Det blir til at eg sit mykje ved datamaskina, øver på spansk og ser på " Reels and short videos." det er der eg finn spansken også.

Det er no nydeleg å ha det så varmt og fint. Eg skreiv nok som var feil i går, Solveig og Øystein er ikkje reist på ferie enno, dei var berre ein tur til Innvik i går.

Då står det berre att å ønske alle ei god helg; det er siste helga i juni og då har vi brukt opp den første sommar-månaden.




 

torsdag, juni 27, 2024

Dagbok 2024:27.juni

Klokka er no19.47, temperaturen ute er ca 25 grader C og det har vore ein fin og varm dag.

I dag var det trening igjen og vi skal ha enda ei veke  med trening før vi får ferie.

Etter treninga køyrde eg bort på Ose der gartnaren på Urke har utsal. Dermed fekk eg tak i ein blomst til grava utan å fare heilt bort på Plantasjen, eg kjøpte også ein pose med fine tomatar, dei har godt av å ligge litt til før eg smakar dei.

Eg har ein liten spade, ei saks og ein pose med mold liggande i bagasjerommet på bilen i tilfelle eg finn ut å fare på grava. Og de ville eg i dag. Eg planta den blomsten eg hadde kjøpt og så måtte eg klippe gras og fjerne  mose etc. Det er ikkje så enkelt å få der fint, sidan heile gravplassen er dårleg stelt. Blomsten som stod att frå sist tok eg med heim og planta i beddet nedanfor garasjen , der set eg ned litt av kvart som ikkje er heilt topp.

Eg var så trøtt i beina i dag at eg slo frå meg turen på Vernet. Når eg er på trening er det mest føtene eg trenar, så det er ikkje så rart at det kan kjennast etterpå.

Men eg måtte no gjere noko her heime, eg kunne i alle fall halde slangen og vatne litt. Det er ikkje så lenge sidan det regna, men eg trur plantane treng meir vatn-og det fekk dei.

Så hadde eg eit par jobbar i hagen, eg skulle kloppe graset rundt nokre busker her og der, starta på bildet over og det tok si tid, etterpå gjekk er der eg har komposten min, for der kjem eg ikkje så godt til med klipparen, så det var berre å bruke saksa rundt alle bærtrea etc. Eg har tatt bilde av det også, men eg har nok ikkje halde telefonen beint. Dermed fekk eg i alle fall gjort ein kjedelig jobb i dag-så slepp eg i morgon.

Då er det fredag igjen, eg synest dei kjem ofte, og juni er snart brukt opp-det går så altfor fort desse sommar-månadane, og sola har alt snudd. Solveig og Øystein har reist på ferietur og det er dei vel unnt. Rasmus-familien er på Malta og Margrete &Co skal vel ein tur til Solund. Eg blir vel her for det meste, men kan no ta småturar her og der viss eg vil.
 

Eg er heilt klar over at det ikkje er så interessant å lese om hagearbeidet mitt, men det ei mi dagbok, som eg veit mange les. Det synest eg er heit greit.


onsdag, juni 26, 2024

Dagbok 2024: 26.juni

Klokka er no 19.20Temperaturen ute  er ca 20 grader, men det er vanskeleg å lese av termometeret når sola skin. I går kveld og i natt som var, regna det og skodda låg langt nedover fjellsida.Men etter kvart vart veret skikkeleg fint. Eg hadde fått melding frå Bodil om at ho og Hilde ville komme på besøk, og eg sende melding til Solveig som kunne komme innover. DEt er så altfor sjelden vi kjem i lag, mykje for at verken Bodil eller eg tek ut på langturar åleine. Mei dag fekk vi ei fin stund i lag. Det første var "hagevandring"- dei les bloggen min der eg skriv nokså utførleg om det eg gjer i hagen, så måtte dei sjå herlegheita.. Så hadde vi eit ølite måltid som eg kalla lunsj-og heile tida hadde vi noko å prate om. Det er ikkje lang veg til Eid, likevel blir det ikkje ofte vi fer imellom her og der. Eg har ein avtale med Margrete om ein tur, men kva tid det blir veit eg ikkje. Hundane hennar kjem no frå Eid, så dei kunne fått ein tur tilbake..

Då alle gjestane hadde fare, tok eg ein runde på Vernet, der var det veldig fint i dag. Eg likar å sjå på tre og plantar som er der. No er det like før geitramsen blomstrar.


Då eg kom heim måtte eg sjå litt på rosene mine, det er tydeleg at dei som står nærmast "Ryggebuska" mi har klart vinteren best. men dei andre kan no kome seg etter kvart.

Det var ein fin dag i dag, håper det blir mange slike i sommar. Rasmus, Wenche og gutane er på Malta, og når ein har PC-ar og telefonar er ingen så langt vekke at ein ikkje har kontakt.

 

tirsdag, juni 25, 2024

Dagbok 2024: 25.juni



Klokka er no 17.44, temperaturen ute er ca 19 varmegrader, det er overskya. Tidlegare i dag var det sol og veldig varmt. Etter at eg hadde vore på trening og handla litt på heimvegen, gjorde eg klart for plenklipp. Eg måtte rådføre meg litt med naboen om olje på plenklipparen. Eg har ikkje så god greie på alle ting., så eg må forsikre meg om at eg ikkje gjer noko gale.

Eg klipte og klipte , først rundt huset og etterpå i skråninga. Før eg vart heilt ferdig ville ikkje motoren starte, etter ein liten pause, så då måtte eg inn og ladde batteriet. Og det tok si tid. Eg sat her og passa på lenge, men så kom eg på den tanken at det ikkje kunne vere nødvendig og ladde batteriet heilt fult. Og det var det ikkje, klipparen starta ved første forsøk med det halvfulle batteriet. Så klipte eg ferdig nede i skråninga og oppe ved postkassa. Når eg ser kor fint det er klipt hos naboen, så føler eg meg ikkje heilt tilfreds. Men eg skal no fare over her og der med ei lita saks rundt busker og tre så blir det betre. I dag fann eg fleire raude jordbær og dei gjekk ned på direkten. 

Rasmus og familien er på ferie. Dei kom til Malta i dag etter å ha stoppa først i Zurich og så i Frankfurt, men bagasjen hadde dei ikkje fått med. Den dukkar vel opp ein gong.

Eg les i Møre-Nytt i dag om alt som skjer og skal skje rundt omkring. Men det er lite  eg og mine venner  kan vere med på. Vi er ikkje alle like spreke. Marit og eg har snakka mykje om dette med møteplassar etc. for eldre. At det er eit behov er vi sikre på. Konserten og rømmegrauten på Bakk-Ola  samla i alle fall ca 120 personar, alle eldre. Det er mykje å vere med på for dei som er friske og raske til beins -men ikkje alle er det.

I morgon har eg "heimedag" , men eg har ikkje bestemt kva eg skal bruke dagen til. Eg må no sjå litt på veret. Det blir sikker såpass at eg kan gå på Vernet .I dag tek eg ikkje den turen, sidan eg har hatt rikeleg mosjon med plenklippinga.



mandag, juni 24, 2024

Dagbok 2024: 24. juni Jonsokdag.

 

                                             Eføyveggen. 

                   Eg har tatt opp alle hellene og reiska vekk gras etc.

Klokka er no 19.30, temperaturen ute  er ca 24 grader, får ikkje lese av rett når sola skin på termometeret.

Det har vore ein fin dag, varmare og finare utover dagen, til slutt vart det skikkeleg sommarvarmt. Eg visste ikkje kor fint det skulle bli då eg sette i gang med å skifte sengetøy, ha ut dyne og teppe etc. Så vaska eg soverommet og datarommet, og klesvasken var i gang i kjellaren. Då eg var ferdig med vaskinga og hadde fått inn att teppa, gjekk eg min daglege tur på Vernet - i altfor mykje klede - i dag igjen. Men då eg kom heim og skulle ta kleda ut av tørketrommelen, så låg dei der like våte og trommelen har heilt død. 

Eg gjer mykje rart, men eg klussar ikkje med elekriske ting, så eg sende naud-melding til Marit og spurde om svigersonen kunne hjelpe meg når han kom heim, eg veit at han kan mykje om tørketromlar. Då han kom frå jobb kom han ned trykte på ein knapp og då kom det opp ei melding som sa at han skulle reingjere noko,  han gjorde det og så vart kleda tørre på litt meir enn no time. 

Eg var oppe og prata med Marit ei stund, og så gjekk eg ned og starta opp ein hagejobb. I dag rydda og reinska eg  ved Eføy-veggen og merkeleg nok vart eg ikkje allergisk slik som eg brukar å vere i kontakt me eføy. Det kan no komme av at eg ikkje var så mykje borte i eføyen, men konsentrerte meg om hellene som ligg der.

I dag fekk eg melding frå Rasmus om at dei skulle til  Malta  om Zurich, no etterpå fekk eg melding om at dei var i Sveits og kom ikkje vidare i dag, etter som eg forstod. Alle tre gutane er med på turen.

No har eg tørt sengetøy til å ta på til natta.(Eg har no flust av sengetøy som er    tørt- i skapa mine,men eg skulle ha det eg vaska i dag)!

Denne jasminbuska er nokså skrøpeleg. Eg har klipt bort mange tørre greiner, men den skal få leve. Når den har blomstra ferdig, skal eg klippe heile buska, og håpe på at den er frisk og rask til våren.

Eg fann faktisk 2-3 modne jordbær i dag.


søndag, juni 23, 2024


 Klokka er no18.32, temperaturen ute er + 17 grader. Etter ein lang, grå og våt dag kom sola fram, og eg kjende kor humøret steig. Eg har vore her åleine heile dagen, men det vart no ein tur på Vernet tidleg på dag. Elles har eg gjort litt husarbeid og så har eg strikka. Eg vart litt irritert fordi eg måtte rekke opp det eg hadde strikka i går kveld og var veldig fornøgd med då. Men eg hadde gjort ein grov feil og kunne ikke skulde på andre enn meg sjølv. No har eg ordna strikketøyet, så då har eg ikkje det å irritere meg over.

Til middag i dag laga eg ein liten klatt rømmegraut til meg sjølv, sidan det var Jonsok og eg ikkje hadde ete graut på Bakk -Ola.

I morgon må eg få tak i bensin til klipparen så eg får ta resten av plenane mine.

Elles har eg ikkje store planar, men her er nok å ta i om eg skulle få eit annfall av 

energi. Vi er ikkje ferdige med fødselsdagane enno, for i morgon blir Einar 37 år.

Han og eg var på kinamat-kafe i Volda. Eg har vore der mange gonger og kjenner Kina-dama .Nyleg har eg vore der i lag med Margrete og Solveig, og då  eg kom i lag med Einar, trudde ho det var sonen min. Ho var sterkt tvilande på at eg var mormor. Men Einar hadde ei god forklaring.

Marit følgjer så godt med på vermeldingane og ho har sett at det skal bli fint og varmt på tysdag særleg.

Her i Ørsta feirer dei ikkje jonsok slik som det var på Eid -før i alle fall. Her er det berre eit "lurvetog" med ungar som har kledd seg ut -og så er det hornmusikk. Marit var ned og såg på det, sidan barnebarnet spelar i hornmusikken.

Før var det skikkeleg feiring på Eid med store bål, musikk etc. Korleis det er no veit eg ikkje. Eg har lese i ei bok eg har om "merkedagar"Der står det om gamle skikkar som bålet t.d.






lørdag, juni 22, 2024

dagbok 2024: 22.juni

 


Klokka er no18.47, temperaturen ute er ca 20 grader C, det er ikkje sol, men heller ikkje regn. Tidlegare på dagen var det sol og varmt. Eg innbilte meg ei stund at det var sundag, så eg tok like godt og gjekk ein tur på Vernet, der var det fint i dag og eg hadde for mykje klede på meg. Då eg kom heim sat eg oppe på altanen til Marit og prata så lenge at det begynte å nærme seg middagstid- . Eg fann nokre restar som eg åt i dag, kan ikkje ete all verda KVAR dag- Det vart ein liten middagskvil før eg kom meg i arbeid i hagen- 

Eg rydda litt i jordbær-åkeren, det er like før bæra er modne no. Eg tenkte på at eg skulle ha laga eit "fugle-skremsel" så ikkje fuglane tek alle bæra. Så var eg nede på Prosjektet mitt og der var det altfor mykje ugras, så eg røska no opp ein del, og så henta eg resten av grasfrøa og hadde nedi der det var verst, og no ser det ut til at det kjem litt regn igjen, og det kan no komme vel med. Til sist klipte og rydda eg der som eg har kompost-kassene mine. Klipte gras med saks etc. No skriv eg mykje om hagearbeidet mitt, men det er no det eg styrer med for det meste. Men no har eg fått inn i hovudet at det er laurdagskveld, så då er det kanskje litt kjekt på TV-og så har eg no eit strikketøy. I morgon MÅ eg komme meg på Plantasjen!

I dag er det Øystein sin fødselsdag, han har no nådd det magiske talet 62- Eg reknar med at det blir ei fellesfeiring når Solveig sin dag kjem

fredag, juni 21, 2024

Dagbok 2024: 21.juni



 


Klokka er no18.10, temperaturen ute er + 20 grader C, det er lettskya, men ikkje sol,eg kom nettopp inn etter å ha rydda litt i beddet ved garasjen.

I dag hadde eg planen klar, tok fredagsvasken så snart eg hadde ete frokost, for Marit og eg hadde tenkt oss på Bakk-Ola der det var rømmegraut og konsert. Marit var ikkje heilt i form, så eg måtte fare åleine. Det var litt trist, for ho og eg har snakka mykje om møteplassar for eldre folk, vi har snakka mykje om at vi er for lite i lag med andre eldre etc. Men eg køyrde ned til kl.12, då skulle det vere sal av batteri. Konserten skulle begynne klokka 12.30.

Då eg kom var det alt overbefolka, så eg leita no fram ein stol så eg fekk sitte i det minste. Sissel som styrer heile kafeen hadde talt 120 personar. Dei som kom før meg hadde fått seg både rømmegraut og kaffi. Eg ville ikkje kjøpe noko når eg ikkje hadde eit bord å sitte ved. Og eg var no komen mest for konserten. Eg hadde heilt gløymt at eg ikkje toler sterke lydar på grunn av tinnitus. Det fekk eg prøve ut i dag, for den plassen eg hadde klart å tilkjempe meg, låg om  lag to meter frå orkester med høgtalar. Ja, eg får vel plagast nokre månader før det roar seg litt igjen i øyret mitt. Men det var mi eiga skuld. 

120 eldre var det der, men ikkje så veldig mange som eg kjende, men det gjorde ingen ting, Då konserten var slutt, køyrde eg heim til Marit og fortalde om hendinga. Så kom eg heim til meg sjølv igjen, og då laga eg middag, og etter ein pause for eg ut og rydda litt i hagen og tok litt bilde. Eg heldt meg stort sett i beddet oppe ved garasjen, det er det som synest best frå vegen. 

No er det snart nyheiter og anna på TV, veit ikkje kva som har skjedd i verda i dag.

I går hadde Margrete fødselsdag, i morgon er det Øystein sin tur og den 24.juni fyller Einar år, så blir det ein liten pause før Solveig har bursdag den 3.juli då blir det lenge til neste jubileum - til hausten.

No er det fredag og eg ønsker alle ei god helg -og god ferie til dei som har fått det.Eg går kvar dag og tenkjer på å køyre bort på Plantasjen, men det har blitt med tanken til denne tid.


New dawn -rosa har eg hatt i mange år, klipper den som regel heil ned om hausten og den kjem fin att året etter.


torsdag, juni 20, 2024

Dagbok 2024: 20.juni

 

Klokka er no 16.53, temperaturen ute er +10 grader C og det regnar. Det er nesten ikkje muleg å få det verre i juni. Men vi brukte kanskje opp sommaren i mai? Av og til lysnar det litt mellom skodde og regn, så håper vi at det lettar; men gjer det det? I dag er det 56år sidan minstejenta mi vart fødd på sjukehuset på Eid. Det var ein fin sommar med sol og varme. Men eg hugsar juni-månader med dårleg ver også, så alt er muleg. Vi får vente å sjå. Ikkje verst for oss som har heilårsferie.

I går hadde eg ein fin dag fordi eg fekk jobbe mykje i hagen, men eg vart ikkje ferdig, eg treng meir tid.

I dag har Marit og eg vore på trening og på butikken på heimveg. I morgon har vi tenkt å feire jonsok på Bakk-Ola med rømmegraut og underhaldning. Det er Sigrid og Sindre som skal spele og synge. Det går mest i country og Johnny Cash og det likar vi no. Sindre er "presten" som forretta i Nils si gravferd. Så spørs det berre om vi kjem oss av garde. Det er eg som er den treige, men eg må no gjere litt sjølv for å få vere med på noko. I dag har eg ikkje vore på Vernet ein gong, men dit kan eg gå kva tid som helst på døgnet viss eg vil.

I dag laga eg meg god middag tidleg på dag, og etterpå var det berre å komme seg inn i godstolen før eg sovna. Eg har fyrt i omnen for eg hadde ikkje skrudd opp varmen på varmepumpa, og det gjorde seg med vedvarme i dag også- I dag blir det nok å vere inne og då kan eg strikke. Eg fann nokre pinnar som var brukbare så eg satsar på å strikke ferdig.



onsdag, juni 19, 2024

Dagbok 2024: 19.juni


Klokka er no 17.10, temperaturen er +16 grader C. Det har vore opphaldsver i heile dag,men ikkje sol. 

I dag gjekk eg tur på Vernet på tidleg føremiddag,og i dag trefte eg ingen eg kjenner. Då eg kom heim og såg at veret såg ut til å halde seg tørt, sette eg i gang å klippe plen. Eg hadde full tank med bensin, men ikkje noko å fylle på med etterpå. Eg bestemte meg for å klippe så lenge eg hadde bensin-og det gjorde eg. Eg fekk klipt pleane rundt huset+ litt nede i skråninga. Å gå på plenen var som  å gå på ei dundyne, så mykje mose er der i botnen, men det får no berre vere slik- Rasmus har ein mosefjerner som han brukar,men eg veit ikkje kor effektivt det er.Eg gjødsla, men det trur eg ikkje hjelpte så mykje mot mosen. Siste resten av tomta skal eg ta når eg har fått kjøpt bensin.

Eg gjekk inn og laga meg litt mat, før eg gjekk ut att og spylte klipparen, det brukar eg å gjere kvar gong eg klipper, men sist vart det ikkje.Men så fekk eg blod på tann, og rydda og raka under altanen. Der set vi i frå oss diverse ting, men det er greitt. At der veksopp både løvetann, gras og ugras set eg ikkje pris på, så det var berre å røske det opp. Så klipte eg graskantane med saks, og til slutt prøvde eg å klippe rundt steinvegen med saks også, men det gjekk ikkje SÅ bra. Før, då eg var litt yngre enn i dag, brukte eg å ta opp steinane kvart år, og legge dei ned att, så forsvann dei ikkje under torva. Det blir litt for vanskeleg for meg no, men eg har ein plan!

På veg inn att etter utført jobb sette eg meg på stolen ved trappa. Då hende det noko artig; det kom eit par og spurde om eg var Trovåg, og om eg kjende dei att.Det gjorde eg sjølvsagt ikkje, eg har veldig vanskeleg for å kjenne att folk. Men så var det altså eit par som var med på spanskkurset heilt i begynnelsen. Dei budde bort på Riise då, men no er dei flytta i leilegheit i eitt av dei to store husa på vestsida av Vikelva ved Vikemarka skule. Dei vart ståande å prate ei stund før dei gjekk vidare. Eg kjem nok til å treffe dei att, for dei går på Vernet kvar dag, dei også. Veldig kjekke folk.

I morgon er det trening igjen, og då har Margrete bursdag, men eg trur ikkje ho får høve til å feire så mykje -det er vel avslutting på skuleåret etc.


 

                                                   Dagens bilde frå Fonnvernet

tirsdag, juni 18, 2024

Dagbok 2024: 18.juni


Eg har to "jordbæråkrar". Den eine er full av plantar og bær. Den andre ligg brakk og ventar på at eg skal spade den opp. Øvst i begge er der bregner, eller ormegras. Eg har tatt dei opp med rot begge to, men dei kjem att like forherda. Her er mykje bregner alle stader der dei får vekse, men før det vart bygt her på Vallabørn , var her  skog så det er ikkje så rart.


Klokka er no 16.14, temperaturen ute  er +14 grader og det regnar. "Mye regn" står det på PC-en  Skodda ligg nedetter fjellsidene på alle kantar. Og det verste er at han som ""spådde" den fine mai-månaden, har "spådd" at veret blir ikkje fint igjen før ute i august ein gong. Å seie at han "spår" er vel litt upresist, for han les veret i måne og sol  etc. Men eg håper han tek feil denne gongen.

I dag var Marit og eg på treninga i lag igjen.  Kjekt å vere to og ha ei pratestund i bilen før vi trenar. I dag for vi rett heim, men eg hadde ærend i Vik så eg for ned igjen med det samme. Eg ville sjå om eg fekk tak i bambuspinnar nr. 3, slik at eg kunne få strikke utan å ta opp att. På butikken hadde dei pinnar, men ikkje nr.3. Eg  vart råda til å fare til Volda, men det ville eg ikkje i dag, så det får vente. Vi har ikkje så veldig stor og  innhaldsrik strikkebutikk her i Ørsta som dei har mange andre stader. Men eg såg to fine rosa sommargenserar som var stilt ut der, eg kunne tenkt meg å hatt dei-men eigentleg trur eg ikkje dei hadde passa.

Eg gjekk ikkje på tur då eg kom heim, men vart sittande aldri så lenge ved kjøkken bordet. Eg åt, løyste sudoku og las aviser, før eg kom meg opp og henta litt ved og fyrte i omnen. Eg som hadde tenkt ut eit storarbeid i hagen, vart berre sittande......

No ser eg at skyene og skodda har letta litt på seg, kanskje blir det litt fint likevel.

Eg har tusen ting eg kan gjere inne, men det er ikkje det eg vil. Med hagearbeidet er det slik, at når ein er komne rundt, er det berre å begynne på igjen med neste runde- ein blir aldri ferdig. Men i år kom eg i alle fall i gang- det er no litt berre det.


mandag, juni 17, 2024

Dagbok 2024: 17.juni

 




Klokka er no 20.24, temperaturen ute er +18 grader. Sola skin no, men vi har hatt nokre kraftige  regnbyger også. 

Dagen i dag vart litt meir "rotete" enn eg hadde tenkt, med det meiner eg at eg eigentleg ikkje fekk gjort det eg ville eller skulle, kanskje fordi planen ikkje var så god?

Eg gjekk i alle fall ein tur på Vernet tidleg på dag, der trefte eg nokre naboar som eg vart ståande å snakke med; vi bur no nær kvarandre , men vi held oss visst mest  heime, både dei og eg.

Eg tenkte eg skulle få gjort ein skikkeleg jobb i hagen i dag.Eg begynte å reinske ugras etc, på austsida av huset, men hadde ein annan jobb som eg skulle ta etterpå. Det vart ingen ting meir gjort for brått silregna det så det var berre å komme seg i hus. Og der vart eg verande heilt til eg gjekk opp til Marit i 5-tida.  Ho kom att frå sjukehuset i går, så vi hadde mykje å snakke om. Ho var i bra form no, og skal vere med på treninga i morgon.

Då eg kom ned att var det å sjå nyheiter og så skulle eg strikke vidare på "spøtet" mitt. Eg strikka litt, og så måtte eg ta opp att. Garnet er det verste eg har vore borti, så eg lurte på kva det bestod av, det kunne no ikkje vere ull i alle fall - trudde eg, så eg las på "papiret", 100 % ull stod der. Ja, vi får sjå om eg får til noko, eg saknar babuspinnane mine, men dei er for tynne til dette arbeidet.

I morgon er det altså trening igjen, og kva som vil skje etterpå veit eg ikkje enno. Eg har mange "jobbar" som står på vent-

Eg har tre sortar med Klematis, og fleire plantar av ein av dei, så no held eg på å  få noko som dei kan støtte seg til. Dei står ikkje på eigne bein nokon av dei.


søndag, juni 16, 2024

Dagbok 2024: 16.juni





Naboens rosetre.
 Klokka er no18.23, temperaturen ute varierer litt, men ligg rundt 20. Eg høyrde litt toreskrall for ei stund sidan, men det vart visst ikkje noko meir.  I dag har det ikkje blitt så mykje med meg, eg strikka litt, øvde på spansken litt og såg TV, før eg tok ein tur på VernetDer trefte eg både kjende og ukjende som eg prata med.

Til middag i dag tok eg opp restar av Lasagne frå frysaren, men det vart ikkje så vellykka. Eg skal prøve å hugse at lasagnaen ikkje egnar seg så godt til frysing.(Eg veit ikkje om det var berre denne, kan godt hende ein annan er god.) Men eg fekk god is til dessert og kaffi. 

Eg tørka ein klesvask i trommelen i dag, eg brukar ikkje trommelen så mykje, helst berre når eg har sengetøy og i dag hadde eg to store dukar, som eg strauk med det samme eg la i hop kleda. Litt husarbeid blir det sjølv om ein bur åleine. Og det er no berre bra, ein må no gjere litt.

Eg hadde så smått tenkt meg bort på Plantasjen i dag, eg kvider litt mot å fare åleine, men det er berre tøv, Eg skulle kanskje ha vore på JULA og sett etter ein krakk også. Og så likar eg å handle på COOP når eg er der. Vi får sjå i morgon. Eg studerer litt på kva eg skal plante på Prosjektet , så eg ser litt etter slikt på data.

                                                          Klematis med stativ




lørdag, juni 15, 2024

Dagbok 2024: 15. juni


Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremiddagen då eg tok turen på Vernet. Då var det ikkje SÅ fint.

Eg hadde ikkje lagt planar for dagen og då har det lett for å bli slik at eg berre går og "surrar" utan å få gjort noko. Eg hadde så smått tenkt meg nedover ein tur, så eg kledde meg ikkje om i arbeidsklede. Eg skulle på ALTI og tenkte eg ville vente til "utlendingane " hadde fare heim. Men då eg endeleg greidde å bestemme meg  og kom ned på Alti, var der like mykje folk som det plar vere om laurdagane -om ikkje  meir. Eg hadde eit lite ærend på apoteket og så kjøpte eg litt mat på Bunnpris. Det gjorde eg sist eg var der også. Då kjøpte eg m.a. eit brød som eg likte godt, så eg kjøpte samme sorten i dag.

På heimvegen stakk eg bortom gravplassen, og der trengst det stell. Den fine blomsten som eg hadde planta , hadde slutta å blomstre. Men eg vatna berre i dag og så kan eg sjå over helga. Viss eg tek ein tur på Plantasjen i morgon, så kan eg finne noko der. Eg likar ikkje så godt å fare åleine, men det må eg vel. Marit ligg på sjukehuset enno, ho får kome heim i morgon. Men eg han ikkje tru at ho vil på Plantasjen då.

Eg har ein åker som eg skulle ha spada opp, men eg trur ikkje det blir i dag, den handa som eg braut likar ikkje at eg styrer så voldsomt, så litt omsyn må eg ta. Trur ikkje eg skreiv "god helg " i går så det gjer eg no. 

I dag fyller Hilde, dottera til bror min 58 år. Det er ikkje til å tru at tida går så fort, men om du les her HILDE : Gratulrer med dagen!


fredag, juni 14, 2024

Dagbok 2024: 14.juni



 Klokka er no 19.48, temperaturen ute er + 20 ca. Sola skin enno og vi har hatt ein fin dag. Eg har hatt en del å gjere både inne og ute, sola har no ikkje vore heil PÅ heile tida. Først tok eg fredagvasken m.m. Men eg hadde energi til meir enn det, så eg fylte opp bilen med sekker som skulle på VØR; eg var klar på det at eg ville ha med alt og ikkje finne attgløymde sekker etterpå, men jamen hadde eg oversett ein likevel, det var heldigvis tørt det som var i den. Det er dumt å sette sekkane slik at innhaldet blir vått, for då blir det tungt og grisete.

Eg laga ikkje middag i dag , men fann no diverse som eg hadde i meg. Den tredje jobben i dag var å rydde den andre jordbæråkeren, den har lagt brakk lenge, eg trudde eg hadde spadd den opp i fjor, men det må no vere minst to år sidan. Eg spadde den ikkje opp i dag heller, men klipte graset og anna som voks der, spadinga får eg ta att seinare, eg fekk eit heilt trillebårlass som eg hadde i komposten-

Det er uendeleg mykje som må gjerast viss ein vil ha ein fin hage, eg stiler ikkje så høgt, men vil gjerne at her ser skikkeleg ut - og eg likar å jobbe i hagen så lenge veret er bra

No skin sola ute, og lufta er klår og rein.Håper vi får det fint i morgon også, då skal eg gå på Vernet for det har eg ikkje gjort desse siste dagane.


torsdag, juni 13, 2024

Dagbok 2024: 13. juni

 

Peonane sprett snart ut, og det blir fint


Klokka er 20.15, temperaturen ute er + 11 grader C, akkurat no er det opplett, men det har regna ein god del i dag. Det minner ikkje mykje om sommar, men eg tok ein tur rundt huset , og det spirer og gror. Plenen har fått både regn og gjødsel , så han må no greie seg. Eg har ikkje gjort hagearbeid i dag, det har ikkje vore ver til det. 

Sidan det er torsdag har eg vore på trening, og då det leid ei stund på dagen kom Margrete på besøk og det var no veldig kjekt. Ho åt middag og drakk kaffi med meg og vi fekk prata mykje. Det er enda ei stund til lærarane får ferie. Då skal ho til Solund, ho har vore der nesten kvar sommar etter at Nils døde. Eg var med ein gong, det er 3 år sidan. Eg håper eg kan ta ein tur neste år, for då blir systera til Nils 90 år. 

I morgon er det fredag og vaskedag, men det tek no ikkje så lang tid. Førre fredagen klipte eg plen, men det blir ikkje plenklipping i morgon, trur eg. Eg har dessutan lite bensin igjen, men det får eg kjøpe. 

Eg har veldig lyst å jobbe i hagen no, eg har gjort mykje, men har mykje att også, og når ein er komne "rundt" er det berre å begynne på igjen. No ser det ut til at det skal klårne opp-håper på det. Eg har mange svarte plastsekker ståande rundt omkring, dei skal eg køyre på VØR med, anten i mogon eller så må eg vente til mandag.

I kveld får eg Møre Nytt på PC-en, men dei siste to fredagane har eg ikkje greidd sudokuane, og det likar eg lite, då føler eg sterkt på at eg ikkje er "på høyden" lenger. Og det er eg sjølvsagt ikkje heller.

Det blir vel ikkje no anna gjort resten av kvelden enn å sjå TV og strikke. Og det er no heilt OK



onsdag, juni 12, 2024

Dagbok 2024: 12.juni



 


Klokka er no18.20, temperaturen ute er +11 grader, så det smakar ikkje mykje av sommar..Eg vakna tidleg, som vanleg,, men stod ikkje opp før eg vakna for andre gong. Då vart det frokost- og då klokka var blitt 9 var eg på Vernet, på  morgontur. Eg trefte ei eg kjenner som også var ute og gjekk. 

Eg hadde eit program for dagen, og då får eg gjort det eg skal. 

Først på programmet stod det at eg skulle gjere ferdig hekken, som eg jobba med i går, og det vart gjort først. Eg tok klipparen og for over med den til slutt.

PLan 2 var å renske nede på muren, ta bort gras og ugras for hand, der klipparen ikkje slepp til, dette vart også gjort, med mange pausar. Eg må heile tida ha med meg ein stol så ryggen min får kvile,  då går det bra.No har eg berre eitt eller kanskje 2 store jobbar att i hagen. Så er det vel å begynne på andre runden. Men sjølv om eg er plaga med ryggen, så likar eg godt å vere gartnar, No har eg mange svarte sekkar ståande rundt omkring så det må bli ein tur på VØR snart.

Eg laga meg ikkje middag i dag, men åt skiver, etterpå sat eg i stolen min-og eg trur eg sov,- før eg tok tak i strikketøyet. I går kveld då eg hadde vore ute og klipt og klipt, skulle eg ta strikketøyet, men då fekk eg ein veldig krampe i vestre handa, så det vart ikkje mykje strikking. Men i dag har eg strikka, og alt er vel.

I morgon er det trening igjen, og så går det mot helg. Vekene flyg av garde . Det er ikkje så sommarleg ute no, men det er i alle fall ikkje vinter, kulde og glatte vegar. Den mai-månaden vi hadde i år var det no full sommar for oss som har fri.

Uansett ver, så er det i alle fall ikkje snø og kulde og glatte vegar. Og det er bra.



tirsdag, juni 11, 2024

Dagbok 2024: 11.juni.



Utsikt mot vest

Klokka er no19.36, temperaturen ute er ca+10  grader, det har vore opplett i dag men no kjem det regn. Eg har vore ute i hagen og jobba i fleire timar, så no var det godt å komme i hus.

Sidan det er tysdag har eg vore på trening i dag, men før eg kom så langt hadde eg sete og streva med datamaskina. Saken var at FB-kontoen min var komen til Sverige og ville ikkje heim. Eg hugsa at dette hende ein gong sist haust også ein gong det var torever. Eg trudde eg skulle få bloggen heim igjen, men det skjedde ikkje. Eg var litt oppskjørta då eg kom på trening, men der fekk eg ta meg ut på apparat av stål. Eg måtte på butikken på heimvegen for eg var heilt lens for kaffitraktar-poser, og så vart det no litt anna også. Eg gjekk ein runde på Vernet i dag også, men hadde ikkje med meg telefonen, så eg fekk ikkje tatt bilde. Eg åt eit måltid då eg kom heim og så vart eg sittande å sjå på uløyste sudokuar. Før eg kraup til korset og sende melding til Helge.(Telefonen er plutseleg i orden utan at eg har letta ein finger) 

Helge kom og etter diverse prøvingar, kom telefonen på rett veg, så no er den i fedrelandet og gjer det han skal. Og etter ei lita stund fekk eg arbeidslyst, og no har eg stelt beddet nedanfor tilbygget og beddet nedanfor garasjen. Så har eg klipt litt kantar her og der. Ti sist begynte eg på eit storarbeid, nemleg å ordne mi side av hekken mot Urke. Marit og eg har snakka om kva som skal gjerast og eg kom sånn halvveg på mi side. Så no er alt i orden og eg skal snart lage meg litt god kveldsmat, ein blir svolten av å arbeide ute.

                                               Vernet i går.

 Eg kom meg inn på FB-kontoen ein augneblink- men så vart eg svensk igjen.Telefonen er heller ikkje å lite på, men den er i alle fall norsk.

mandag, juni 10, 2024

Dataproblem

 Eg kjem meg inn på Facebook, men det er liksom ikkje mi facebook. Den er svensk og ikkje på nokon måte slik som den skal vere. Eg hugsar ein gong det var noko tull med dataen, og då var det også noko svenske greier som kom opp. Tidlegare i dag var eg inne på den vanlege FB-kontoen min og fekk lagt inn bilde .Det får eg ikkje gjere no.

Dagbok 2024: 10.juni


 Klokka er no 18. 57, temperaturen ute er + 10 grader og det har stort sett vore opplett i dag, men på PC-en min står det: "Regn i morgen", så  då veit vi kva vi går til.. Eg kom meg ut på føremiddagen og gjekk ein runde på Vernet. Eg tok bilde også, men dei bilda ligg no på familiesida vår,  og der har eg ikkje adgang no, kva som har hendt veit eg ikkje..

I dag laga eg meg middag då eg kom att frå turen, og etter middagen måtte eg slappe av. Eg strikkar litt innimellom , men kan ikkje overdrive for då reagerer handa som eg braut i desember i fjor. Eg vart veldig søvnig, det blir eg nesten alltid når eg set meg i godstolen. Men etter kvart livna eg til og skulle ut i hagen og jobbe. Eg starta opp med kantklipparen, men det varte ikkje lenge før det takka for seg, men han skulle no ha godt med sen i dag?

Men eg hadde andre jobbar, eg har klipt rundt buskene på plenen og og litt av sjølve buskene også. Eg gjorde det samme sist haust og då la eg ny jord på dei også, det gjorde eg ikkje i dag. Eg fekk sånn kløe i halsen og ville hoste, det har eg kjent på fleire gonger i det siste. Men i dag fekk eg ein lys ide, som så ofte før, eg tenkte "Allergi". Eg har alltid allergitablettar i hus, for viss eg styrer med eføy så får eg verkeleg problem. Eg tenkte eg fekk prøve i dag også, så eg tok ein liten kvit tablett og så vart kløen i halsen borte med ein einaste  gong. For å reklamere litt, så er det lurt å ha allergitablettar i hus i tilfelle kvepsestikk t.d. Eg har fått mine tablettar på resept, men eg trur ein får dei utan resept også(Men då er dei vel dyrare.)

Marit er ikkje heilt i form for tida, så eg må kan hende fare åleine på trening i morgon. På"Treninga" sist torsdag var det ei som snakka om at det gjekk både  korona  og vanleg influensa i bygda for tida. Men eg har ikkje høyrt om nokon.

Og eg er i alle fall frisk enno.

No må eg høyre nyheiter og så blir det vel litt strikking-

I kveld tek eg ut sudokuen frå Møre-Nytt på data. Eg har ikkje greidd fredags-sudokuen denne veka heller, men den som kjem i tysdags-avisa greier eg alltid.


søndag, juni 09, 2024

Dagbok 2024: 9.juni


Klokka er no18.00, temperaturen ute er + 9 grader, og det er skodde og regn. Stort verre kan det ikkje bli på denne årstida. Så no kan vi sette oss til å drøyme om mai-månaden som var den vakraste i manns minne.. Veret kan vi ikkje gjere noko med, så vi må berre finne oss i det. 



Eg har vore her åleine i heile dag, men det er ikkje noko som eg bryr meg om, eg kjeder meg aldri-i alle fall ikkje når eg er åleine. Etter frokosten har eg ein lang spask-time framfor PC-en-  Om eg lærer så mykje veit eg ikkje, men litt trim for hjernen må det no vere.

Så var det på med TV og fram med strikketøy. Det vart ei stund med opplett og rimeleg bra ver, så då gjekk eg ut og gjødsla plenen rundt huset med kunstgjødsel til 500 kr. sekken. Eg kjøpte berre ein sekk i år men eg hadde litt att frå i fjor. Eg gjødsler berre plenen rundt huset, skråninga får berre vere. Eg håpte på at det skulle komme litt regn nedi gjødselen- og eg slapp å håpe forgjeves. 

Eg tok meg brødskiver til lunsj, for eg er ikkje så glad i middagsmat tidleg på dag. Om det blir noko i det heile tatt i dag er ikkje godt å seie. Eg er ikkje så nøye på kva tid eg et eller kva eg serverer. Det er ein stor fridom i å styre alt sjølv. Eg får i alle fall nok mat.

Etter middag sat eg framfor TV og såg litt, utan å strikke, om eg sov eller ikkje er eg ikkje heilt klar over. Eg hadde tenkt å gå ein tur på Vernet i dag, men ikkje i silande regn. Knea mine er i alle fall i orden no.

I morgon håper eg det blir opplett såpass eg får bruke kant-klipparen min, for det er ikkje fint klipt når eg berre har brukt grasklippar. Eg skulle ønske eg hadde meir tid og krefter til hagearbeid for det likar eg godt, særleg i fint ver. 

No er det ikkje lenge før det blir skuleferie og forhåpentleg betre ver. Men ein spåmann har spådd at vi ikje får fint ver igjen før langt ut i august. Det nifse er at han spådde det fine maiveret.



 

lørdag, juni 08, 2024

Dagbok 2024: 8.juni

Klokka er no 2024, temperaturen ute er 12-13 grader, det er overskya det har regna. I dag hadde eg fridag, utan pålagde plikter. Men eg hadde pålagt meg sjølv å fare på butikken, så det gjorde eg.Men enda eg hadde vore og handla så blei eg ikkje kvitt kjensla av at det var sundag.

Eg hadde likevel tenkt å rydde litt i hagen; eg klipte plen i går, men eg må klippe litt med saks også rundt alle slags busker og tre. Det var jobben for i dag. Trudde eg- Eg fekk melding frå Solveig om at ho og Øystein var i Volda og ville ta ein tur oppom på heimvegen. Og så vart eg invitert opp til Marit til lunsj/førmiddagskaffi. Mens eg var der kom Solveig og Øystein , dei var her ikkje så lenge, men eg fekk Øystein til å sett sen i kantklipparen min så då kan eg få gjort noko med den. Skjølv om det var sundag oppe i hovudet mitt var eg klar for litt hagearbeid, men det vart ikkje mykje gjort for så kom regnet.

Eg har ikkje gått på Vernet i dag eller anstrengt meg på anna vis; for i går då eg klipte plen var eg låk i knea, og det er eg skikkeleg redd for-Eg var i fleire år plaga me vonde kne og det vil eg helst ikkje ha om att. Men knea har vore bra i dag, så i morgon kan eg ta ein tur på Vernet igjen.


fredag, juni 07, 2024

Dagbok 2024: 7.juni

 

Klokka er no 17.15 og det er kanskje litt tidleg å summere opp dagen, men det skjer vel ikkje så mykje meir -her i alle fall, for eg har tatt kvelden og kjem ikkje til å gjere meir i dag,

I går kveld såg eg at det var nokon som klipte plen, så eg hadde det i tankane. Men så kom det regn i natt i gjen, så eg rekna med å måtte vente med plenslåtten min.

Eg tok heller fredagsvasken og vart ferdig med den ganske tidleg. Då såg eg at naboen klipte plenen sin og i tilleg plenen min ovafor garasjen. Ja, han eig no litt at den plenen han også.

Då fekk eg blod på tann og gjorde klart til klipp. Eg klipte rundt huset og oppe ved postkassene- og eg klipte med oppsamlar. Det er heilt greit, men så stod den store skråninga for tur og då slutta eg å samle, så det kan hende eg må ut ned ei rive når det lid på . Der er også ein god del "handarbeid" nede på muren etc. Men eg orka ikke meir i dag, så det får stå slik inntil vidare. Eg var så heldig at eg hadde nok bensin i dag, men det er vel ikkje mykje att no.

Eg har lyst å jobbe litt meir i dag,men eg trur eg må la det vere for eg vart litt låk i knea etter kvart og eg vil ikkje risikere å bli kne-lens igjen . Det har eg vore to gonger og det fristar ikkje å få det igjen. Av samme grunn har eg valt å ikkje gå på Vernet i dag. Men eg har veldig lyst å jobbe litt meir ute altså.

Så må eg sjekke ut kvar eg skal kjøpe bensin på klipparen, det skal visst vere ein plass ned i hamna der dei sel slik bensin som dei vil at folk skal bruke på klipparane sine.

I går kveld begynte eg på Sudokuen på fredagsavisa, utan å komme i mål. Sudokuane i tysdagsavisa er nesten FOR lette, men dei som no har vore i fredagsavisene har eg ikkje greidd å løyse-og det ergrar meg.

No blir det vel snart skuleferie for elevar og lærarar. I min barndom fekk vi ferie ca 17.mai og begynte på igjen 1. september- men det var i ei anna tid. 

Ein lokal verspåmann seier at det blir ikkje fint ver igjen før ut i august månad, men vi får håpe han tek feil

Då står det berre att å ønske alle ei god helg!



torsdag, juni 06, 2024

Dagbok 2024: 6.juni, Olaug Marie jr. fyller 27 år i dag

 

Denne buska heiter Rosa Moyesi
Det veks seg fort høg, eg har klipt den heilt ned fleire gonger. 
Seinare på sommaren kjem det nyper på den.


Klokka er no18.00, temperaturen ute er ca +10 grader. Det regnar ikkje så mykje, men det er heller ikkje mykje sol. Eg hadde ein travel føremiddag, var ned til Vik fleire gonger, og til slutt tok eg runden min på Vernet. Det vert ingen bilde frå Vernet i dag, for telefonen var tom for straum.

Eg orka ikkje å lage middag, men eg hadde no anna god mat og etterpå slappa eg av i godstolen med TV-en på. Då er det lett å sovne.

Eg måtte ha ein runde rundt omkring på Godset mitt. Eg har ikkje gjødsla plenane i år, så det er veldig mykje mose, som er "mjuk og god", det skulle ha vore slått igjen, men det har ikkje vore ver til det. Vi hadde det så fint lenge, og eg håper fineveret kjem att, for eg har så mykje eg skulle gjort i hagen.

Eg tok ein tur ned på grensa der eg sådde i grasfrø, der spirer det og gror-men ikkje gras akkurat. blir nok ei stund før der blir PLEN.


Eg visste ikkje at klokkebuska blomstra alt, den skulle ha hatt litt stell før det kom så langt. Men alt kjem så fort denne sommaren at eg heng ikkje skikkeleg med.

No håper eg at vi får vêr til å vere ute i, for det er mykje eg må gjere i hagen. Det er så mykje våt mose at det er som å gå på dundyner. Eg kjøpte berre ein liten sekk med gjødsel i år, eg plar kjøpe tre, men no var prisen 500 kr for ein sekk, og det synest eg er litt for mykje.

Eg håper at Olaug i Bergen har ein fin dag i dag. Eg hugsar godt den sommaren ho, og Eirik, var nyfødde . Det var ein kjempefin sommar. Eg hugsar at vi bada i Snipsøyrvatnet på Hareid, mens babyane låg i sanden på stranda. Det var den sommaren at NIls og eg reiste på Nord-Norge tur, heilt til Nord-Kapp. Gode minne å ta fram no.


onsdag, juni 05, 2024

Dagbok 2024: 5.juni

                                                     Bildet tok eg like før regnet kom.

Klokka er no 18.40, temperaturen ute er 10 grader, no skin sola igjen etter ei lita regnbyge. Det har regna mykje før i dag, så eg har halde meg inne. Eg har venta på ein telefon som skulle kome, men har ikkje høyrt noko i dag heller. innimellom øver eg på spansken på "Reels and short videos". Eg veit ikkje kor mykje som sit att, men det er no eit forsøk.

I dag har eg rydda litt i huset, støvsuga teppegolva etc. Fredagsvasken skal eg ta fredag denne veka, slik at eg held orden på dagane. Til middag i dag kokte eg graut fordi eg hadde litt melk å bruke opp.

Etterkvart som tida har gått har veret blitt betre og då eg trudde det var slutt på alt regnet, tok eg turen på Vernet. Den første eg møtte der var min venn Helge. Elles møtte eg berre damer eg ikkje kjende. Men det var godt å komme seg ein tur ut.

Eg har kjøpt garn og strikka på babyklede både i går og i dag. Men i dag vart er så misnøgd med heile greia at eg rekte opp alt saman. Men det er lenge til oktober-trur eg. I morgon er det Olaug jr. som fyller år-27 år blir ho, ho og Eirik vart fødde same året. Margrete, Einar og Øystein har også fødselsdag i juni, så kjem Solveig 3. juli. Men så er det stopp heilt til Oktober-november.

Det er heilt utruleg kor fort tida går-fortare til eldre ein blir.

Det var no nettopp jul.. ..

Eg har ikkje fått vore ute i hagen denne veka, og eg lurer på kor mykje som må takast igjen. Ugraset trivst godt i regn. Såg der var det som eg kallar vassarv i bedda.

Hadde kontakt med Rasmus i dag, han driv og sagar ned skog oppe i Telemark.

PS  No kom den telefonen eg venta på .


 

Dagbok 2024: 30.juni

                            Dette var det einaste bildet  som ville fram. Eg kallar dette                "garasjebeddet. Klokka er no 2...