lørdag, juni 08, 2024

Dagbok 2024: 8.juni

Klokka er no 2024, temperaturen ute er 12-13 grader, det er overskya det har regna. I dag hadde eg fridag, utan pålagde plikter. Men eg hadde pålagt meg sjølv å fare på butikken, så det gjorde eg.Men enda eg hadde vore og handla så blei eg ikkje kvitt kjensla av at det var sundag.

Eg hadde likevel tenkt å rydde litt i hagen; eg klipte plen i går, men eg må klippe litt med saks også rundt alle slags busker og tre. Det var jobben for i dag. Trudde eg- Eg fekk melding frå Solveig om at ho og Øystein var i Volda og ville ta ein tur oppom på heimvegen. Og så vart eg invitert opp til Marit til lunsj/førmiddagskaffi. Mens eg var der kom Solveig og Øystein , dei var her ikkje så lenge, men eg fekk Øystein til å sett sen i kantklipparen min så då kan eg få gjort noko med den. Skjølv om det var sundag oppe i hovudet mitt var eg klar for litt hagearbeid, men det vart ikkje mykje gjort for så kom regnet.

Eg har ikkje gått på Vernet i dag eller anstrengt meg på anna vis; for i går då eg klipte plen var eg låk i knea, og det er eg skikkeleg redd for-Eg var i fleire år plaga me vonde kne og det vil eg helst ikkje ha om att. Men knea har vore bra i dag, så i morgon kan eg ta ein tur på Vernet igjen.


Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...