søndag, juni 09, 2024

Dagbok 2024: 9.juni


Klokka er no18.00, temperaturen ute er + 9 grader, og det er skodde og regn. Stort verre kan det ikkje bli på denne årstida. Så no kan vi sette oss til å drøyme om mai-månaden som var den vakraste i manns minne.. Veret kan vi ikkje gjere noko med, så vi må berre finne oss i det. 



Eg har vore her åleine i heile dag, men det er ikkje noko som eg bryr meg om, eg kjeder meg aldri-i alle fall ikkje når eg er åleine. Etter frokosten har eg ein lang spask-time framfor PC-en-  Om eg lærer så mykje veit eg ikkje, men litt trim for hjernen må det no vere.

Så var det på med TV og fram med strikketøy. Det vart ei stund med opplett og rimeleg bra ver, så då gjekk eg ut og gjødsla plenen rundt huset med kunstgjødsel til 500 kr. sekken. Eg kjøpte berre ein sekk i år men eg hadde litt att frå i fjor. Eg gjødsler berre plenen rundt huset, skråninga får berre vere. Eg håpte på at det skulle komme litt regn nedi gjødselen- og eg slapp å håpe forgjeves. 

Eg tok meg brødskiver til lunsj, for eg er ikkje så glad i middagsmat tidleg på dag. Om det blir noko i det heile tatt i dag er ikkje godt å seie. Eg er ikkje så nøye på kva tid eg et eller kva eg serverer. Det er ein stor fridom i å styre alt sjølv. Eg får i alle fall nok mat.

Etter middag sat eg framfor TV og såg litt, utan å strikke, om eg sov eller ikkje er eg ikkje heilt klar over. Eg hadde tenkt å gå ein tur på Vernet i dag, men ikkje i silande regn. Knea mine er i alle fall i orden no.

I morgon håper eg det blir opplett såpass eg får bruke kant-klipparen min, for det er ikkje fint klipt når eg berre har brukt grasklippar. Eg skulle ønske eg hadde meir tid og krefter til hagearbeid for det likar eg godt, særleg i fint ver. 

No er det ikkje lenge før det blir skuleferie og forhåpentleg betre ver. Men ein spåmann har spådd at vi ikje får fint ver igjen før langt ut i august. Det nifse er at han spådde det fine maiveret.



 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.juli

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 garder C, og det regnar. Eg synest ikkje det er så populært -med skodde nedetter fjellsidene. Eg...