mandag, juni 10, 2024

Dagbok 2024: 10.juni


 Klokka er no 18. 57, temperaturen ute er + 10 grader og det har stort sett vore opplett i dag, men på PC-en min står det: "Regn i morgen", så  då veit vi kva vi går til.. Eg kom meg ut på føremiddagen og gjekk ein runde på Vernet. Eg tok bilde også, men dei bilda ligg no på familiesida vår,  og der har eg ikkje adgang no, kva som har hendt veit eg ikkje..

I dag laga eg meg middag då eg kom att frå turen, og etter middagen måtte eg slappe av. Eg strikkar litt innimellom , men kan ikkje overdrive for då reagerer handa som eg braut i desember i fjor. Eg vart veldig søvnig, det blir eg nesten alltid når eg set meg i godstolen. Men etter kvart livna eg til og skulle ut i hagen og jobbe. Eg starta opp med kantklipparen, men det varte ikkje lenge før det takka for seg, men han skulle no ha godt med sen i dag?

Men eg hadde andre jobbar, eg har klipt rundt buskene på plenen og og litt av sjølve buskene også. Eg gjorde det samme sist haust og då la eg ny jord på dei også, det gjorde eg ikkje i dag. Eg fekk sånn kløe i halsen og ville hoste, det har eg kjent på fleire gonger i det siste. Men i dag fekk eg ein lys ide, som så ofte før, eg tenkte "Allergi". Eg har alltid allergitablettar i hus, for viss eg styrer med eføy så får eg verkeleg problem. Eg tenkte eg fekk prøve i dag også, så eg tok ein liten kvit tablett og så vart kløen i halsen borte med ein einaste  gong. For å reklamere litt, så er det lurt å ha allergitablettar i hus i tilfelle kvepsestikk t.d. Eg har fått mine tablettar på resept, men eg trur ein får dei utan resept også(Men då er dei vel dyrare.)

Marit er ikkje heilt i form for tida, så eg må kan hende fare åleine på trening i morgon. På"Treninga" sist torsdag var det ei som snakka om at det gjekk både  korona  og vanleg influensa i bygda for tida. Men eg har ikkje høyrt om nokon.

Og eg er i alle fall frisk enno.

No må eg høyre nyheiter og så blir det vel litt strikking-

I kveld tek eg ut sudokuen frå Møre-Nytt på data. Eg har ikkje greidd fredags-sudokuen denne veka heller, men den som kjem i tysdags-avisa greier eg alltid.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.juli

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 garder C, og det regnar. Eg synest ikkje det er så populært -med skodde nedetter fjellsidene. Eg...