fredag, juni 07, 2024

Dagbok 2024: 7.juni

 

Klokka er no 17.15 og det er kanskje litt tidleg å summere opp dagen, men det skjer vel ikkje så mykje meir -her i alle fall, for eg har tatt kvelden og kjem ikkje til å gjere meir i dag,

I går kveld såg eg at det var nokon som klipte plen, så eg hadde det i tankane. Men så kom det regn i natt i gjen, så eg rekna med å måtte vente med plenslåtten min.

Eg tok heller fredagsvasken og vart ferdig med den ganske tidleg. Då såg eg at naboen klipte plenen sin og i tilleg plenen min ovafor garasjen. Ja, han eig no litt at den plenen han også.

Då fekk eg blod på tann og gjorde klart til klipp. Eg klipte rundt huset og oppe ved postkassene- og eg klipte med oppsamlar. Det er heilt greit, men så stod den store skråninga for tur og då slutta eg å samle, så det kan hende eg må ut ned ei rive når det lid på . Der er også ein god del "handarbeid" nede på muren etc. Men eg orka ikke meir i dag, så det får stå slik inntil vidare. Eg var så heldig at eg hadde nok bensin i dag, men det er vel ikkje mykje att no.

Eg har lyst å jobbe litt meir i dag,men eg trur eg må la det vere for eg vart litt låk i knea etter kvart og eg vil ikkje risikere å bli kne-lens igjen . Det har eg vore to gonger og det fristar ikkje å få det igjen. Av samme grunn har eg valt å ikkje gå på Vernet i dag. Men eg har veldig lyst å jobbe litt meir ute altså.

Så må eg sjekke ut kvar eg skal kjøpe bensin på klipparen, det skal visst vere ein plass ned i hamna der dei sel slik bensin som dei vil at folk skal bruke på klipparane sine.

I går kveld begynte eg på Sudokuen på fredagsavisa, utan å komme i mål. Sudokuane i tysdagsavisa er nesten FOR lette, men dei som no har vore i fredagsavisene har eg ikkje greidd å løyse-og det ergrar meg.

No blir det vel snart skuleferie for elevar og lærarar. I min barndom fekk vi ferie ca 17.mai og begynte på igjen 1. september- men det var i ei anna tid. 

Ein lokal verspåmann seier at det blir ikkje fint ver igjen før ut i august månad, men vi får håpe han tek feil

Då står det berre att å ønske alle ei god helg!



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.juli

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 garder C, og det regnar. Eg synest ikkje det er så populært -med skodde nedetter fjellsidene. Eg...