torsdag, juni 06, 2024

Dagbok 2024: 6.juni, Olaug Marie jr. fyller 27 år i dag

 

Denne buska heiter Rosa Moyesi
Det veks seg fort høg, eg har klipt den heilt ned fleire gonger. 
Seinare på sommaren kjem det nyper på den.


Klokka er no18.00, temperaturen ute er ca +10 grader. Det regnar ikkje så mykje, men det er heller ikkje mykje sol. Eg hadde ein travel føremiddag, var ned til Vik fleire gonger, og til slutt tok eg runden min på Vernet. Det vert ingen bilde frå Vernet i dag, for telefonen var tom for straum.

Eg orka ikkje å lage middag, men eg hadde no anna god mat og etterpå slappa eg av i godstolen med TV-en på. Då er det lett å sovne.

Eg måtte ha ein runde rundt omkring på Godset mitt. Eg har ikkje gjødsla plenane i år, så det er veldig mykje mose, som er "mjuk og god", det skulle ha vore slått igjen, men det har ikkje vore ver til det. Vi hadde det så fint lenge, og eg håper fineveret kjem att, for eg har så mykje eg skulle gjort i hagen.

Eg tok ein tur ned på grensa der eg sådde i grasfrø, der spirer det og gror-men ikkje gras akkurat. blir nok ei stund før der blir PLEN.


Eg visste ikkje at klokkebuska blomstra alt, den skulle ha hatt litt stell før det kom så langt. Men alt kjem så fort denne sommaren at eg heng ikkje skikkeleg med.

No håper eg at vi får vêr til å vere ute i, for det er mykje eg må gjere i hagen. Det er så mykje våt mose at det er som å gå på dundyner. Eg kjøpte berre ein liten sekk med gjødsel i år, eg plar kjøpe tre, men no var prisen 500 kr for ein sekk, og det synest eg er litt for mykje.

Eg håper at Olaug i Bergen har ein fin dag i dag. Eg hugsar godt den sommaren ho, og Eirik, var nyfødde . Det var ein kjempefin sommar. Eg hugsar at vi bada i Snipsøyrvatnet på Hareid, mens babyane låg i sanden på stranda. Det var den sommaren at NIls og eg reiste på Nord-Norge tur, heilt til Nord-Kapp. Gode minne å ta fram no.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.juli

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 garder C, og det regnar. Eg synest ikkje det er så populært -med skodde nedetter fjellsidene. Eg...