onsdag, juni 05, 2024

Dagbok 2024: 5.juni

                                                     Bildet tok eg like før regnet kom.

Klokka er no 18.40, temperaturen ute er 10 grader, no skin sola igjen etter ei lita regnbyge. Det har regna mykje før i dag, så eg har halde meg inne. Eg har venta på ein telefon som skulle kome, men har ikkje høyrt noko i dag heller. innimellom øver eg på spansken på "Reels and short videos". Eg veit ikkje kor mykje som sit att, men det er no eit forsøk.

I dag har eg rydda litt i huset, støvsuga teppegolva etc. Fredagsvasken skal eg ta fredag denne veka, slik at eg held orden på dagane. Til middag i dag kokte eg graut fordi eg hadde litt melk å bruke opp.

Etterkvart som tida har gått har veret blitt betre og då eg trudde det var slutt på alt regnet, tok eg turen på Vernet. Den første eg møtte der var min venn Helge. Elles møtte eg berre damer eg ikkje kjende. Men det var godt å komme seg ein tur ut.

Eg har kjøpt garn og strikka på babyklede både i går og i dag. Men i dag vart er så misnøgd med heile greia at eg rekte opp alt saman. Men det er lenge til oktober-trur eg. I morgon er det Olaug jr. som fyller år-27 år blir ho, ho og Eirik vart fødde same året. Margrete, Einar og Øystein har også fødselsdag i juni, så kjem Solveig 3. juli. Men så er det stopp heilt til Oktober-november.

Det er heilt utruleg kor fort tida går-fortare til eldre ein blir.

Det var no nettopp jul.. ..

Eg har ikkje fått vore ute i hagen denne veka, og eg lurer på kor mykje som må takast igjen. Ugraset trivst godt i regn. Såg der var det som eg kallar vassarv i bedda.

Hadde kontakt med Rasmus i dag, han driv og sagar ned skog oppe i Telemark.

PS  No kom den telefonen eg venta på .


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.juli

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 garder C, og det regnar. Eg synest ikkje det er så populært -med skodde nedetter fjellsidene. Eg...