tirsdag, juni 04, 2024

Dagbok 2024: 4.juni

 



Klokka er no 17.33, temperaturen ute er + 12 grader og det regnar. Det har det gjort i heile dag, og i dag morgon var det snø i Saudehornet (Fjell).Det vart ein voldsom overgang frå det nydelege veret vi hadde vendt oss til. Eg håper at sommaren kjem att om ikkje så lenge.

I dag var det trening som stod på planen, det er greit å ha noko å gå til, slik at ein kjem seg ut dørene. No har vi trent i lag , -same damene-i fleire år, så vi er blitt kjende med kvarandre og synes det er kjekt å treffast. Treninga er også ein møteplass.

Verken Marit eller eg trong å handle i dag, så det vart beint heim att. Eg hadde avtale med Einar i dag, vi skulle på Kina-restauranten i Volda og ete middag. Det er noko vi har planlagt lenge og ein gong var vi bort, berre for å finne  døra stengt.

Kina-dama kjenner alle som har vore der nokre gonger og no har eg vore der i lag med både Margrete og Solveig i seinare tid, så når eg kom med Einar i dag trudde ho det var sonen min. Då vi sa korleis det var -at eg var bestemora, så syntest ho det var litt rart. Men vi har no vore der før- men det er lenge sidan.

Vi får store og gode porsjonar, trur eg har ete same sorten alle tre gongane eg har vore der no i vår.

Sidan eg hadde med meg ein sterk kar, køyrde vi opp til Plantasjen så eg fekk med meg ein sekk kugjødsekompost til, eg vil ha noko av den på jordbæra, trur eg. Vi fekk is og kaffi heime i Starevegen og Einar viste meg korleis eg skal få norsk undertekst på norske program. Eg likar i grunnen det nye TV- utsjåande, når eg berre lærer meg å finne fram for det er mykje å velje mellom- altfor mykje etter mi meining.

Eg trur ikkje eg kjem til å gå ut i dag, så det blir vel ikkje tur på Vernet.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.juli

Her har fleire rosebusker rotta seg i hop oppunder "Ryggebuska"mi.Kanskje der er trygt og godt Klokka er no 18.25, temperaturen ut...