mandag, juni 03, 2024

Dagbok 2024: 3.juni


 Klokka er no18.25, temperaturen ute er + 10 grader og det regnar. Til å begynne med var det fint mellom bygene,men etter kvart har det blitt meir og meir samanhengane grisever.Vi har kanskje brukt opp sommarveret, men eg håper ikkje det. Til å begynne med på dagen var det ei stund mellom bygene, så eg fekk tatt trimrunda mi på Vernet, men før eg kom rundt var det både regn og vind. 
Eg hadde tenkt å få gjort noko ute i dag, men veret har ikkje blitt betre, tvert imot. Eg strauk nokre klede og styrte på litt innadørs før eg bestemte meg for å fare ned og kjøpe bensin på bilen. Bensinmålaren virkar ikkje , så eg må føle på kva tid bilen treng å få bensin, det har fungert bra til denne tid. Det har vore eit styr med at ein skal bruke kort på bensininntaket, og i dag gjekk eg inn og spurde om eg måtte fylle med kort og svaret var JA. Men dama vart med meg ut og skulle vise meg. Dette var 3.gongen eg skulle bruke kortet, men det funka ikkje i dag heller, så eg måtte fylle og betale på gamlemåten. Heilt greitt for meg.

Eg hadde eit ærend bort i gata, eg skulle kjøpe garn, for eg har ikkje hatt "spøt" i det siste og det sakna eg. Men eg kan ikkje strikke for mykje, for det likar ikkje venstrehanda. 

Til middag i dag hadde eg att rikeleg frå gårsdagen.  I kveld får eg ny sudoku på avisa, men eg har enno ikkje fått til den som stod i fredagsavisa, det er ikkje ofte eg har gitt opp, det kan vere ein eller to gonger før. Eg trudde eg hadde fått til frdagsoppgåva, men eg tok feil, det var den som kom i tysdagsavisa eg hadde løyst for andre gong. Når eg ikkje greier det, tek eg som eit teikn  på at eg "taper" meg. Og det gjer eg sjølvsagt. I dag kjende eg meg så kvikk, fordi eg gjekk så fort og lett nede i gata. Då tenkte eg på all trøbbelen eg har hatt med føtene mine, og gledde meg over at eg var så bra. Ei som eg kjenner er nordfjording og ho er like gammal som eg . Ho har "skifta" begge knea og spring som ein katt opp gjennom skogen. Det er ikkje for alle likt.

Eg har ikkje fått gjort noko ute i dag, men har styrt med litt av kvart inne, og så har eg så vidt begynt å strikke på ei lita blå strømpebukse som skal vere ferdig i oktober.TV-en er heilt omsnudd, og eg kjenner meg ikkje att. Eg har ikkje fått til å få tekst på norske program enno, men bildet er blitt mykje finare enn før, det går vel ei tid før eg får gjort meg kjend med alt det nye, og då blir det vel endra igjen. Elles er eg mykje på "Reels and short Videos" på FB, eg øver mykje på spansken , kvar dag.

                                 Det vart ein våt tur på Vernet i dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 7.juli

  Klokka er no 15.20 , søndag ettermiddag. Skodda ligg nedetter fjellsidene som så ofte i det siste. Det er mykje skodde her, og er trur det...