søndag, juni 02, 2024

Dagbok 2024: 2.juni

Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet. Bilde eg tok blei dessverre litt for mørkt av ein eller annan grunn. Eg veit ikje om dei blå lupinane kom så godt fram.

Eg har ikkje gjort så mykje i dag, eg strevar enno med sudokuen, det er sjølvsagt ikkje så viktig å få den i mål, men eg får kjensla at at eg "taper meg" når eg ikkje når målet. TV-en har eg ikkje hatt på i dag, så eg veit ikkje korleis det går; eg kan sjølvsagt sjå så mykje TV som eg berre vil, men eg vil ha norsk tekst på norske program-det er det eg manglar.

Elles har eg ikkje gjort så mykje til gagns i dag. Marit kom ned til "føremiddags-kaffi" kl 13- dei har middag no, men eg er ikkje komen så langt enno .

Etter at Marit gjokk opp att, gjekk eg tur på Vernet, det var slik fin temperatur i dag, ikkje for varmt eller for kaldt. Eg har eit problem med bilda som eg set inn her på Bloggen, eg får ikkje til å forstørre dei. Det har eg no alltid kunna gjort før.

Ja, eg har visst mange problem, og dei fleste er knytta til TV og datamaskiner, det er ikkje så lett for oss gamle å henge med i alt det nye. "Utviklinga" går så for at vi heng ikkje med. Vi får kanskje prøve "Kunstig intelligens".

Viss det blir bra ver i morgon kan eg ta ein tur på Plantasjen? Det vart ikkje i dag.

Om det ikkje er sol akkurat no så er det no fin temperatur til å vere ute i.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.oktober

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 10 grader og det regnar-. Når eg ser på veret no er eg glad for at eg rydda opp i hagen i går, for ...