tirsdag, juni 25, 2024

Dagbok 2024: 25.juni



Klokka er no 17.44, temperaturen ute er ca 19 varmegrader, det er overskya. Tidlegare i dag var det sol og veldig varmt. Etter at eg hadde vore på trening og handla litt på heimvegen, gjorde eg klart for plenklipp. Eg måtte rådføre meg litt med naboen om olje på plenklipparen. Eg har ikkje så god greie på alle ting., så eg må forsikre meg om at eg ikkje gjer noko gale.

Eg klipte og klipte , først rundt huset og etterpå i skråninga. Før eg vart heilt ferdig ville ikkje motoren starte, etter ein liten pause, så då måtte eg inn og ladde batteriet. Og det tok si tid. Eg sat her og passa på lenge, men så kom eg på den tanken at det ikkje kunne vere nødvendig og ladde batteriet heilt fult. Og det var det ikkje, klipparen starta ved første forsøk med det halvfulle batteriet. Så klipte eg ferdig nede i skråninga og oppe ved postkassa. Når eg ser kor fint det er klipt hos naboen, så føler eg meg ikkje heilt tilfreds. Men eg skal no fare over her og der med ei lita saks rundt busker og tre så blir det betre. I dag fann eg fleire raude jordbær og dei gjekk ned på direkten. 

Rasmus og familien er på ferie. Dei kom til Malta i dag etter å ha stoppa først i Zurich og så i Frankfurt, men bagasjen hadde dei ikkje fått med. Den dukkar vel opp ein gong.

Eg les i Møre-Nytt i dag om alt som skjer og skal skje rundt omkring. Men det er lite  eg og mine venner  kan vere med på. Vi er ikkje alle like spreke. Marit og eg har snakka mykje om dette med møteplassar etc. for eldre. At det er eit behov er vi sikre på. Konserten og rømmegrauten på Bakk-Ola  samla i alle fall ca 120 personar, alle eldre. Det er mykje å vere med på for dei som er friske og raske til beins -men ikkje alle er det.

I morgon har eg "heimedag" , men eg har ikkje bestemt kva eg skal bruke dagen til. Eg må no sjå litt på veret. Det blir sikker såpass at eg kan gå på Vernet .I dag tek eg ikkje den turen, sidan eg har hatt rikeleg mosjon med plenklippinga.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.juni

Klokka er no18.18, temperaturen ute er +21 grader C, men det har vore mykje varmare før i dag, det var +26 grader sist eg såg etter. No har ...