torsdag, juni 13, 2024

Dagbok 2024: 13. juni

 

Peonane sprett snart ut, og det blir fint


Klokka er 20.15, temperaturen ute er + 11 grader C, akkurat no er det opplett, men det har regna ein god del i dag. Det minner ikkje mykje om sommar, men eg tok ein tur rundt huset , og det spirer og gror. Plenen har fått både regn og gjødsel , så han må no greie seg. Eg har ikkje gjort hagearbeid i dag, det har ikkje vore ver til det. 

Sidan det er torsdag har eg vore på trening, og då det leid ei stund på dagen kom Margrete på besøk og det var no veldig kjekt. Ho åt middag og drakk kaffi med meg og vi fekk prata mykje. Det er enda ei stund til lærarane får ferie. Då skal ho til Solund, ho har vore der nesten kvar sommar etter at Nils døde. Eg var med ein gong, det er 3 år sidan. Eg håper eg kan ta ein tur neste år, for då blir systera til Nils 90 år. 

I morgon er det fredag og vaskedag, men det tek no ikkje så lang tid. Førre fredagen klipte eg plen, men det blir ikkje plenklipping i morgon, trur eg. Eg har dessutan lite bensin igjen, men det får eg kjøpe. 

Eg har veldig lyst å jobbe i hagen no, eg har gjort mykje, men har mykje att også, og når ein er komne "rundt" er det berre å begynne på igjen. No ser det ut til at det skal klårne opp-håper på det. Eg har mange svarte plastsekker ståande rundt omkring, dei skal eg køyre på VØR med, anten i mogon eller så må eg vente til mandag.

I kveld får eg Møre Nytt på PC-en, men dei siste to fredagane har eg ikkje greidd sudokuane, og det likar eg lite, då føler eg sterkt på at eg ikkje er "på høyden" lenger. Og det er eg sjølvsagt ikkje heller.

Det blir vel ikkje no anna gjort resten av kvelden enn å sjå TV og strikke. Og det er no heilt OK



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.juli

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 garder C, og det regnar. Eg synest ikkje det er så populært -med skodde nedetter fjellsidene. Eg...