fredag, juni 21, 2024

Dagbok 2024: 21.juni



 


Klokka er no18.10, temperaturen ute er + 20 grader C, det er lettskya, men ikkje sol,eg kom nettopp inn etter å ha rydda litt i beddet ved garasjen.

I dag hadde eg planen klar, tok fredagsvasken så snart eg hadde ete frokost, for Marit og eg hadde tenkt oss på Bakk-Ola der det var rømmegraut og konsert. Marit var ikkje heilt i form, så eg måtte fare åleine. Det var litt trist, for ho og eg har snakka mykje om møteplassar for eldre folk, vi har snakka mykje om at vi er for lite i lag med andre eldre etc. Men eg køyrde ned til kl.12, då skulle det vere sal av batteri. Konserten skulle begynne klokka 12.30.

Då eg kom var det alt overbefolka, så eg leita no fram ein stol så eg fekk sitte i det minste. Sissel som styrer heile kafeen hadde talt 120 personar. Dei som kom før meg hadde fått seg både rømmegraut og kaffi. Eg ville ikkje kjøpe noko når eg ikkje hadde eit bord å sitte ved. Og eg var no komen mest for konserten. Eg hadde heilt gløymt at eg ikkje toler sterke lydar på grunn av tinnitus. Det fekk eg prøve ut i dag, for den plassen eg hadde klart å tilkjempe meg, låg om  lag to meter frå orkester med høgtalar. Ja, eg får vel plagast nokre månader før det roar seg litt igjen i øyret mitt. Men det var mi eiga skuld. 

120 eldre var det der, men ikkje så veldig mange som eg kjende, men det gjorde ingen ting, Då konserten var slutt, køyrde eg heim til Marit og fortalde om hendinga. Så kom eg heim til meg sjølv igjen, og då laga eg middag, og etter ein pause for eg ut og rydda litt i hagen og tok litt bilde. Eg heldt meg stort sett i beddet oppe ved garasjen, det er det som synest best frå vegen. 

No er det snart nyheiter og anna på TV, veit ikkje kva som har skjedd i verda i dag.

I går hadde Margrete fødselsdag, i morgon er det Øystein sin tur og den 24.juni fyller Einar år, så blir det ein liten pause før Solveig har bursdag den 3.juli då blir det lenge til neste jubileum - til hausten.

No er det fredag og eg ønsker alle ei god helg -og god ferie til dei som har fått det.Eg går kvar dag og tenkjer på å køyre bort på Plantasjen, men det har blitt med tanken til denne tid.


New dawn -rosa har eg hatt i mange år, klipper den som regel heil ned om hausten og den kjem fin att året etter.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.juli

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 garder C, og det regnar. Eg synest ikkje det er så populært -med skodde nedetter fjellsidene. Eg...