torsdag, juni 20, 2024

Dagbok 2024: 20.juni

 

Klokka er no 16.53, temperaturen ute er +10 grader C og det regnar. Det er nesten ikkje muleg å få det verre i juni. Men vi brukte kanskje opp sommaren i mai? Av og til lysnar det litt mellom skodde og regn, så håper vi at det lettar; men gjer det det? I dag er det 56år sidan minstejenta mi vart fødd på sjukehuset på Eid. Det var ein fin sommar med sol og varme. Men eg hugsar juni-månader med dårleg ver også, så alt er muleg. Vi får vente å sjå. Ikkje verst for oss som har heilårsferie.

I går hadde eg ein fin dag fordi eg fekk jobbe mykje i hagen, men eg vart ikkje ferdig, eg treng meir tid.

I dag har Marit og eg vore på trening og på butikken på heimveg. I morgon har vi tenkt å feire jonsok på Bakk-Ola med rømmegraut og underhaldning. Det er Sigrid og Sindre som skal spele og synge. Det går mest i country og Johnny Cash og det likar vi no. Sindre er "presten" som forretta i Nils si gravferd. Så spørs det berre om vi kjem oss av garde. Det er eg som er den treige, men eg må no gjere litt sjølv for å få vere med på noko. I dag har eg ikkje vore på Vernet ein gong, men dit kan eg gå kva tid som helst på døgnet viss eg vil.

I dag laga eg meg god middag tidleg på dag, og etterpå var det berre å komme seg inn i godstolen før eg sovna. Eg har fyrt i omnen for eg hadde ikkje skrudd opp varmen på varmepumpa, og det gjorde seg med vedvarme i dag også- I dag blir det nok å vere inne og då kan eg strikke. Eg fann nokre pinnar som var brukbare så eg satsar på å strikke ferdig.



Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...