onsdag, juni 19, 2024

Dagbok 2024: 19.juni


Klokka er no 17.10, temperaturen er +16 grader C. Det har vore opphaldsver i heile dag,men ikkje sol. 

I dag gjekk eg tur på Vernet på tidleg føremiddag,og i dag trefte eg ingen eg kjenner. Då eg kom heim og såg at veret såg ut til å halde seg tørt, sette eg i gang å klippe plen. Eg hadde full tank med bensin, men ikkje noko å fylle på med etterpå. Eg bestemte meg for å klippe så lenge eg hadde bensin-og det gjorde eg. Eg fekk klipt pleane rundt huset+ litt nede i skråninga. Å gå på plenen var som  å gå på ei dundyne, så mykje mose er der i botnen, men det får no berre vere slik- Rasmus har ein mosefjerner som han brukar,men eg veit ikkje kor effektivt det er.Eg gjødsla, men det trur eg ikkje hjelpte så mykje mot mosen. Siste resten av tomta skal eg ta når eg har fått kjøpt bensin.

Eg gjekk inn og laga meg litt mat, før eg gjekk ut att og spylte klipparen, det brukar eg å gjere kvar gong eg klipper, men sist vart det ikkje.Men så fekk eg blod på tann, og rydda og raka under altanen. Der set vi i frå oss diverse ting, men det er greitt. At der veksopp både løvetann, gras og ugras set eg ikkje pris på, så det var berre å røske det opp. Så klipte eg graskantane med saks, og til slutt prøvde eg å klippe rundt steinvegen med saks også, men det gjekk ikkje SÅ bra. Før, då eg var litt yngre enn i dag, brukte eg å ta opp steinane kvart år, og legge dei ned att, så forsvann dei ikkje under torva. Det blir litt for vanskeleg for meg no, men eg har ein plan!

På veg inn att etter utført jobb sette eg meg på stolen ved trappa. Då hende det noko artig; det kom eit par og spurde om eg var Trovåg, og om eg kjende dei att.Det gjorde eg sjølvsagt ikkje, eg har veldig vanskeleg for å kjenne att folk. Men så var det altså eit par som var med på spanskkurset heilt i begynnelsen. Dei budde bort på Riise då, men no er dei flytta i leilegheit i eitt av dei to store husa på vestsida av Vikelva ved Vikemarka skule. Dei vart ståande å prate ei stund før dei gjekk vidare. Eg kjem nok til å treffe dei att, for dei går på Vernet kvar dag, dei også. Veldig kjekke folk.

I morgon er det trening igjen, og då har Margrete bursdag, men eg trur ikkje ho får høve til å feire så mykje -det er vel avslutting på skuleåret etc.


 

                                                   Dagens bilde frå Fonnvernet

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.juli

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 garder C, og det regnar. Eg synest ikkje det er så populært -med skodde nedetter fjellsidene. Eg...