tirsdag, juni 18, 2024

Dagbok 2024: 18.juni


Eg har to "jordbæråkrar". Den eine er full av plantar og bær. Den andre ligg brakk og ventar på at eg skal spade den opp. Øvst i begge er der bregner, eller ormegras. Eg har tatt dei opp med rot begge to, men dei kjem att like forherda. Her er mykje bregner alle stader der dei får vekse, men før det vart bygt her på Vallabørn , var her  skog så det er ikkje så rart.


Klokka er no 16.14, temperaturen ute  er +14 grader og det regnar. "Mye regn" står det på PC-en  Skodda ligg nedetter fjellsidene på alle kantar. Og det verste er at han som ""spådde" den fine mai-månaden, har "spådd" at veret blir ikkje fint igjen før ute i august ein gong. Å seie at han "spår" er vel litt upresist, for han les veret i måne og sol  etc. Men eg håper han tek feil denne gongen.

I dag var Marit og eg på treninga i lag igjen.  Kjekt å vere to og ha ei pratestund i bilen før vi trenar. I dag for vi rett heim, men eg hadde ærend i Vik så eg for ned igjen med det samme. Eg ville sjå om eg fekk tak i bambuspinnar nr. 3, slik at eg kunne få strikke utan å ta opp att. På butikken hadde dei pinnar, men ikkje nr.3. Eg  vart råda til å fare til Volda, men det ville eg ikkje i dag, så det får vente. Vi har ikkje så veldig stor og  innhaldsrik strikkebutikk her i Ørsta som dei har mange andre stader. Men eg såg to fine rosa sommargenserar som var stilt ut der, eg kunne tenkt meg å hatt dei-men eigentleg trur eg ikkje dei hadde passa.

Eg gjekk ikkje på tur då eg kom heim, men vart sittande aldri så lenge ved kjøkken bordet. Eg åt, løyste sudoku og las aviser, før eg kom meg opp og henta litt ved og fyrte i omnen. Eg som hadde tenkt ut eit storarbeid i hagen, vart berre sittande......

No ser eg at skyene og skodda har letta litt på seg, kanskje blir det litt fint likevel.

Eg har tusen ting eg kan gjere inne, men det er ikkje det eg vil. Med hagearbeidet er det slik, at når ein er komne rundt, er det berre å begynne på igjen med neste runde- ein blir aldri ferdig. Men i år kom eg i alle fall i gang- det er no litt berre det.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.juli

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 garder C, og det regnar. Eg synest ikkje det er så populært -med skodde nedetter fjellsidene. Eg...