tirsdag, juni 11, 2024

Dagbok 2024: 11.juni.



Utsikt mot vest

Klokka er no19.36, temperaturen ute er ca+10  grader, det har vore opplett i dag men no kjem det regn. Eg har vore ute i hagen og jobba i fleire timar, så no var det godt å komme i hus.

Sidan det er tysdag har eg vore på trening i dag, men før eg kom så langt hadde eg sete og streva med datamaskina. Saken var at FB-kontoen min var komen til Sverige og ville ikkje heim. Eg hugsa at dette hende ein gong sist haust også ein gong det var torever. Eg trudde eg skulle få bloggen heim igjen, men det skjedde ikkje. Eg var litt oppskjørta då eg kom på trening, men der fekk eg ta meg ut på apparat av stål. Eg måtte på butikken på heimvegen for eg var heilt lens for kaffitraktar-poser, og så vart det no litt anna også. Eg gjekk ein runde på Vernet i dag også, men hadde ikkje med meg telefonen, så eg fekk ikkje tatt bilde. Eg åt eit måltid då eg kom heim og så vart eg sittande å sjå på uløyste sudokuar. Før eg kraup til korset og sende melding til Helge.(Telefonen er plutseleg i orden utan at eg har letta ein finger) 

Helge kom og etter diverse prøvingar, kom telefonen på rett veg, så no er den i fedrelandet og gjer det han skal. Og etter ei lita stund fekk eg arbeidslyst, og no har eg stelt beddet nedanfor tilbygget og beddet nedanfor garasjen. Så har eg klipt litt kantar her og der. Ti sist begynte eg på eit storarbeid, nemleg å ordne mi side av hekken mot Urke. Marit og eg har snakka om kva som skal gjerast og eg kom sånn halvveg på mi side. Så no er alt i orden og eg skal snart lage meg litt god kveldsmat, ein blir svolten av å arbeide ute.

                                               Vernet i går.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.juli

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 garder C, og det regnar. Eg synest ikkje det er så populært -med skodde nedetter fjellsidene. Eg...