fredag, juni 28, 2024

Dagbok 2024: 28.juni


Klokka er no18.18, temperaturen ute er +21 grader C, men det har vore mykje varmare før i dag, det var +26 grader sist eg såg etter. No har det også skya over,og sola er borte.

Sidan det er fredag vaska eg til helga og eg støvsuga også. Då eg var ferdig med husarbeidet gjekk eg ein tur på Vernet. Eg blir ofte låk i føtene når det er varmt, så i dag sat eg på alle benkane på Vernet - ei god stund på kvar-sat og sola meg då. Det var ikkje så mykje folk der så tidleg på dagen.

Då eg kom heim laga eg meg litt lunsj og så la eg meg på dagsenga og kvilte litt. Viss eg set meg i godstolen brukar eg å sovne, og viss eg sovnar kan eg like godt ligge skikkeleg.Tenkjer eg.  Eg låg no ikkje så lenge, før eg gjekk ut i hagen og plukka jordbær i åkeren min. Eg hadde på sukker og ein liten fløteskvett, bæra var ikkje så gode som dei skulle ha vore, men dei gjekk ned. Eg trur det hadde gjort seg med ei lita regnbye i dag, for å friske opp litt. Eg skal ikkje gjere noko i hagen i dag, for no er klokka halv sju og eg plar slutte av til klokka 7.

 No har eg masa så lenge om eg eg vil bort på Plantasjen og andre butikkar i Furene, så i morgon eg komme meg bort. Tidleg.

Eg har nesten ikkje hatt på TV i seinare tid, for der er stort sett berre fotball og andre idrettar og det interesserer meg veldig lite. Og eg likar ikkje å strikke når det er varmt og lyst. Det blir til at eg sit mykje ved datamaskina, øver på spansk og ser på " Reels and short videos." det er der eg finn spansken også.

Det er no nydeleg å ha det så varmt og fint. Eg skreiv nok som var feil i går, Solveig og Øystein er ikkje reist på ferie enno, dei var berre ein tur til Innvik i går.

Då står det berre att å ønske alle ei god helg; det er siste helga i juni og då har vi brukt opp den første sommar-månaden.




 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 30.juni

                            Dette var det einaste bildet  som ville fram. Eg kallar dette                "garasjebeddet. Klokka er no 2...