lørdag, juni 29, 2024

Dagbok 2024: 29.juni


 Klokka er no 18.20, temperaturen ute er + 17 grader C, det er skya, men opphaldsver.

Eg har eit problem med det at eg trur på laurdag at det er sundag, slik var det også i dag, Og eg trong ikkje fare på butikken, noko som brukar å rette opp feilen.

I går vart eg låk i føtene når eg skulle gå på Vernet, derfor gjekk eg tidlegare i dag; det var litt regn i lufta men eg tok sjansen. 

Som før sagt likar eg å følgje med på alt som spirer og gror når eg går turane mine. I dag sjekka eg kor langt det var kome med Geitramsen, men den hadde ikkje vakse så mykje sidan sist,  der er ein heil bakke full som står klar til blomstring. Åsmundmarka slo dei før i veke og no låg der kvite rundballar. Kjekt at den marka som er rydda får godt stell. Det er for lite dyrka mark att i Ørsta, så det er bra å ta vare på det som er.

Det var ikkje heilt fritt for regndropar i dag, men ikkje så mykje at det gjorde meg noko. Eg sat litt på benkane i dag også for å få vere ute litt lenger enn turen tek.

Det grøne som står nedom gjerdet er små tre , lerk og gran for det meste. Kanskje det kan bli ein heil skog ein gong-

Det vart litt regn på siste delen av turen, men ikkje så mykje at det gjorde noko.

Eg hadde ikkje så mykje å gjere her heime i dag, det blir litt mykje "Reels and short videos" slike dagar, men så kan eg håpe på at litt av spansken festar seg i hjernesellene mine. 

Marit vart åleine heime ei stund i dag, så eg gjekk opp til henne og prata ei stund, men ikkje lenge for så fekk eg melding frå Amanda og telefon frå Margrete og dei ville komme på besøk. 

Det var no veldig kjekt, og så hadde dei med seg dei to kjekke hundane sine Albert og Dennis. Vi drakk kaffi i lag, og Margrete hadde kjøpt gode kaker på butikken. På mandag reiser dei på tur til Solund og blir vekke ca 1 veke. Eg blir heime her heile sommaren , trur eg, men får sikkert besøk av fleire i familien.

Eg er godt fornøgd med å  vere heime og styre i hagen og ta imot diverse besøk.

Eg kom meg no ikkje på Plantasjen i dag heller, men det er ikkje så farleg.

Eg ser nesten ikkje TV for tida, der er no berre fotball og anna idrett, og så gidd eg ikkje å søke på andre kanalar. Så blir det å sitte med Reels....... Før var eg glad i å lese, det fristar ikkje så mykje no lenger, dessverre. Eg har no bøker i massevis, men sjeldan eg finn noko som fengslar meg. Eg er litt lei for det.

Eg diskuterte med naboen ein dag, og vi var samde om at forfattarane ikkje må skrive berre om "Gamle dagar" og det som hende då, men ta for seg problem i vår eiga tid, slik Øystein gjorde i den boka eg fekk til jul.(Naboen las også den boka).

                         

                                                  VEGEN HEIM



egen heim.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.juli

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 garder C, og det regnar. Eg synest ikkje det er så populært -med skodde nedetter fjellsidene. Eg...