søndag, juni 30, 2024

Dagbok 2024: 30.juni

 

                          Dette var det einaste bildet  som ville fram. Eg kallar dette                "garasjebeddet.

Klokka er no 21.17, temperaturen ute er + 16 graderC, det er overskya og litt regn,

Eg trur ikkje at sola har vore framme i dag. Men eg gjekk no ein tur på Vernet på føremiddagen likevel. Og så var eg oppe med Marit ei stund, for ho var heime åleine. Middag fann eg i frysaren, så det vart lettvint.Etter middagen gjekk eg ut i åkeren min og plukka jordbær  Elles har eg sete mykje her på PC-en  og så har eg strikka litt igjen. Det har vore ein pause. 

Eg gjorde meg klar til å skrive Blogg, men det var heilt umuleg, eg kom ikkje inn på min eigen Blogg, enda eg gjorde alt som eg vart bedt om på PC-en og telefonen. Til slutt gav eg opp og ringde til Helge, og han kom når fotballkampen var slutt. Men då han skulle reparere var PC-en heilt i orden, han måtte berre ha litt tid på å komme seg. 

Men sidan Helge likevel var her fekk eg han til å finne ut korleis eg skal få norsk  tekst på norske program, og det fekk han også til, så spørs det om eg greier det. Einar fekk det til då han var her og vi skreiv det ned, men eg fann det ikkje att. Og det spørs om det går samme vegen no. Då Rasmus var her lærte eg ein måte og brukte den, men så plutseleg ein dag var heile TV-en forandra, det har vel mange andre erfart også. Eg må ha norsk tekst på nyheitsprogram t.d. for eg forstår ikkje alltid kva dei seier-No var eg glad for at alt virka så bra, men så skulle eg legge inn bilde her på sida,  det funka ikkje, men eg skal prøve ein gong til. Av og til går det litt tid før maskina reagerer.

I morgon reiser døtrene mine på ferie og eg håper dei får det kjekt for det fortener dei . Eg kan ønske dei GOD TUR her-




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.juli

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 garder C, og det regnar. Eg synest ikkje det er så populært -med skodde nedetter fjellsidene. Eg...