mandag, juli 01, 2024

Dagbok 2024: 1.juli

Klokka er no 17.54, temperaturen ute er + 16 grader, det var overskya til å begynne med i dag og tilløp til regn, det har blitt finare etter kvart, men eg trur ikkje sola har vore framme noko sæleg.Kanskje litt?

Eg var heime heile føremiddagen og strikka, så no er eg snart ferdig med det eg held på med og kan få begynne å strikke lestar igjen. Eg fekk så fint garn med Hilde då dei var her, så dei lestane vil eg ha sjølv.   Eg gjekk ein tur på Vernet då klokka hadde passert halv eitt. Det var overskya, men ikkje regn. Eg likte så godt det bildet eg tok i dag, det som er over her. Der er ei stille ro over det. Det kvite som er på Åsmundmarka er høyballar.

Eg sat ikkje lenge på benkane i dag, for eg ville ikkje vere vekke så lenge. Då eg kom heim att åt eg litt lunsj.

Eg har snakka aldri så lenge om at eg skal på Plantasjen , og i dag- endeleg, kom eg meg av garde. Eg likar ikkje å køyre når de er så mykje trafikk, men då burde eg ikkje fare sånn i 16 -tida - slik som i dag. Men eg kom meg både fram og tilbake utan problem. Eg kjøpte tre små plantar som skal vere vintergrøne. Dei skal eg plante nede på "Prosjektet" mitt. Dei var ikkje gratis, men eg tenkte at eg kunne fylle ut med nok anna, som ikkje er vintergrønt, mellom dei. Eg legg ikkje så mykje ut på den skarve bota  der nede. Så kjøpte eg ein begonia til grava, for den nelliken eg planta gjorde litt lite av seg, Alle eg kjenner som også har ei grav å gå til, seier at desse begoniane er det beste ein kan ha, for dei toler både sol og regn. Eg var innom gravplassen på heimvegen og ordna opp.No står nelliken i garasjebeddet. Eg hadde tenkt å kjøpe ei lita rose der, men der var ikkje noko som freista.

Så var eg også inn på COOP og handla litt ymse. Eg har kundekort på Coop, men får sjelden brukt det, for vi har ikkje COOP i Ørsta, I Volda har dei to-minst!

I morgon skal eg på trening, og på torsdag også, men så får vi lang ferie. Eg kjem vel ikkje til å reise så langt i ferien. Eg minnest dei lange bilturane son Nils og eg hadde. Vi for over det meste både i Norge og Sverige. Så eg har no fått kjørt meg. I dag reiste Solveig og Øystein  til Sverige og Margrete, Amanda og Martin  for til Solund. Erlend skal vere med eit band som skal spele der ute mens dei er der. Det kan bli litt artig. Dei skal bu litt meir sosialt i år, på Hardbakke  og ikkje i Hjønnevåg der dei har vore mange gonger før, dei hadde ikkje noko ledig.

Eg kan godt feriere her heime, men eg ville gjerne hatt både sol og varme.

Eg har mange bilde som eg ville hatt inn, men det er noko som ikkje funkar som det skal -no igjen.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.juli

Her har fleire rosebusker rotta seg i hop oppunder "Ryggebuska"mi.Kanskje der er trygt og godt Klokka er no 18.25, temperaturen ut...