tirsdag, juli 02, 2024

Dagbok 2024: 2.juli



Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 garder C, og det regnar. Eg synest ikkje det er så populært -med skodde nedetter fjellsidene. Eg har forskansa meg inne i dag, og ikkje gått tur eller jobba i hagen. Eg reknar med at føtene mine fekk nok trim på treninga, for det er dei som får mest.

Då eg kom heim att laga eg meg spekesildmiddag som ei lita trøst i styggeveret. Og det smakte vidunderlig som vanleg. Dei nypotetene eg hadde kjøpt var ikkje noko å skryte av, men dei smakte no ikkje vondt akkurat.

Etter at eg hadde ete og rydda opp att og fått på oppvaskmaskina, måtte eg berre legge meg inn på dagsenga ei stund, eg veit ikkje om eg sov eller ikkje. Men eg er no våken nokså tidleg på dag, så det er ikkje rart om eg blir trøtt. 

I dag tenkte eg å bake litt viss eg orka -og eg orka å lage ei gulrotkake. Brukar å ha det i frysen, og den førre kake er det berre litt att av no, så vi treng meir. Eg er ikkje glad i å bake. Eg likte det mykje betre før, no synest eg det blir mykje rot; og eg har halvferdige kaker i frysen, Med halvferdige meiner er kakebotnar utan fyll og glasur.

Eg var mykje flinkare å bake før -.I går tok eg fram att strikketøyet mitt og no er eg snart ferdig med å strikke, så står det att å feste trådar og sy litt her og der. Eg gler meg til eg blir ferdig og kan strikke lestar igjen, for det kan eg.TV-en set eg på berre av og til for å sjå/høyre dagsnytt. Elles er det no berre fotball og annan sport som eg ikkje bryr meg om. Eg er litt irritert på veret for eg skulle både ha planta og klipt i hagen. Det er slikt arbeid eg likar.

Synest det er trasig viss Margrete og CO får stygt ver i SOLUND- for der er det absolutt best med sol og varme og uteliv.  For tre år sidan, då eg var med, hadde vi sol og varme så  å seie heile tida.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.juli

Her har fleire rosebusker rotta seg i hop oppunder "Ryggebuska"mi.Kanskje der er trygt og godt Klokka er no 18.25, temperaturen ut...