onsdag, juli 03, 2024

Dagbok 2024: 3.juli, Solveig 61 år i dag.

 

                             Solveig fyller 61 år i dag; ho og Øystein feirer dagen i Karlstad

Klokka er no 18.16, temperaturen ute er + 16 grader, det har vore opplett og ein god del sol i dag. Men eg har ikkje lata meg så mykje i sola, for eg har hatt litt å styre med. Sidan fryseskapet i kjellaren fann på å ise seg ned og bryte opp døra for så å gi frå seg vatn til heildekkingsteppet hadde eg litt å styre med. Det meste ordna eg i går kveld, dvs. at eg tok alt som var i skapet og plasserte det i to andre fryserar-i dag prøvde eg etter beste evne å få vekk mest muleg av vatnet. Og sidan eg først var i kjellaren vaska eg gjesterommet i håp om å får gjestar. 

Eg var i jordbæråkeren og plukka meg desert og klipte litt gras ved kjellarinngangen- litt klesvask vart det også.

I dag hadde eg grønsakmiddag, dvs diverse grønsaker med ost i olje. Til dessert vart det jordbær med litt fløte.

Så sat eg ei lang stund oppe hos Marit på altanen og sola oss, og prata. Heilt til eg gjekk ned igjen og begynte å klippe plen. Eg har ikkje sett så mange klippe plen i dag, og eg forstår kvifor. Eg hadde langt gras på plenen, og graset var nokså vått. Det merka eg då eg begynte å klippe, men eg gjorde ferdig plenen rundt huset. Det vart ikkje heilt fint, så eg for over det meste ein gong til.I skråninga er det ikkje så mykje gras så det skal kanskje få stå litt til. Eg  var bort til eine solbærbuska mi og der fann eg eit mode bær som smakte fortreffelig. 

Og no kan vi forvente å få både hagebær og anna, såg ripsen til naboen hadde fått litt farge. Eg har ikkje vore på Vernet i dag, brukar ofte å skulke turen når eg klipper plen. Eg vinn ikkje over alt, men i morgon skal eg på trening.

Solveig har fødselsdag i dag, ho og Øystein reiste til Sverige, men eg veit ikkje kvar  dei er no. Heilt frå vi begynte å reise på turar i ferien, var det fleire gonger Solveig hadde fødselsdag mens vi var på tur, så ho har feira bursdag i Sverige nokre gonger.Eg håper dei har det kjekt og får slappe skikkeleg av.Eg har ikkje fått tatt bilde enno for telefonen var tom for straum, no er den komen opp i 11 prosent. Og eg skal ha meg ein kaffikopp-

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 7.juli

  Klokka er no 15.20 , søndag ettermiddag. Skodda ligg nedetter fjellsidene som så ofte i det siste. Det er mykje skodde her, og er trur det...