torsdag, juli 04, 2024

Dagbok 2024: 4.juli

Her har fleire rosebusker rotta seg i hop oppunder "Ryggebuska"mi.Kanskje der er trygt og godt




Klokka er no 18.25, temperaturen ute er + 21 grader, det er overskya , men elles fint. No ser eg at det står nede på sida på PC-en: "Uver forut", ei sllik melding har eg aldri sett før, så eg er spent på kva som kjem.

Eg er nettopp komen inn etter ei lang "arbeidsøkt" i hagen. Eg begynte ca kl 13, og kom inn att litt over 18. Har hatt eit par pausar, men ikkje lange. Men eg arbeider langsomt utan å stresse.Jobben i dag var å klippe Skråninga  etc . Eg begynte med den vesle plenen oppe med postkassene, det er meir arbeid enn ein skulle tru for der er ein heil del som må klippast med saks. Skråninga var det ikkje så mykje gras på, der er mest mose, Det var mange småjobbar undevegs, som t.d. å lklippe greiner på stammen av epletreet. Men eg kom no i havn på eit vis. Eg skulle vaske klipperen til slutt, men den får eg aldri rein meir, for den stod uvaska  heile vinteren. I dag prøvde eg å vaske med bilsjampo og gamle oppvask-kostar, Men det må sterkare lut til.

I dag var det siste treningsdagen før ferien, no har vi fri til ei stund ut i august.

Eg handla på Kiwi på heimvegen i dag, og då eg kom heim sat eg ei stund og prata med Marit. Ho er mykje betre no, men orka ikkje å fare på trening. Og det forstår eg godt.

Margrete og Amanda + Martin er i Solund , og Margrete sende bilde, eg kjende meg ikkje att på nokon nesten. Det kjem vel av at dei i år ferierer lenger inne og ikkkje så langt ute som t.d. Trovågen ligg, det er på dei ytre øyane eg har vore, og den tida eg budde der, var det ikkje mange vegar heller, så ein måtte i båt når ein skulle flytte på seg.
 

                                  Dette er den finaste rosa akkurat no- Leonado da Vinci


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 7.juli

  Klokka er no 15.20 , søndag ettermiddag. Skodda ligg nedetter fjellsidene som så ofte i det siste. Det er mykje skodde her, og er trur det...