fredag, juli 05, 2024

Dagbok 2024: 5.juli



Klokka er no 18.11, temperaturen ute er +10 grader og det regnar og regnar, det er jammen bra at eg fekk gjort så mykje ute i går. Eg har no gjort litt i dag også, men det er inne. Eg tok ikkje fredagsvasken i dag,men utsette den til i morgon. Det eg gjorde først av alt i dag var å fullføre Sudokuen som eg ikkje fekk heilt til i går kveld, i dag gjekk det fort,

Når eg ikkje vaska, var det fordi eg ville bake bollar og det vart gjort. Eg er ikkje spesielt glad i å bake, likte det betre før-men bollar vart det. Og så har eg gjort diverse anna husarbeid. Eg sette meg ned og såg TV ei stund, men eg må legge opp eit nytt "spøt" så eg slepp å sitte med hendene i fanget- og sovne.

Eg hadde tenkt å gå tur på Vernet i dag, men i dette veret er det ikkje så kjekt. 

Han ver-spåmannen har hatt rett så langt, han spådde dårleg ver i juli men fint i august. Ja, for meg er det heit greit, men for alle skuleborn  og foreldre passar det ikkje så godt. 

Rasmus og Co har tenkt seg opp hit til oss om ikkje så lenge, så eg håper vi får det fint då. Eg veit ikkje akkurat kva tid dei kjem, men det blir vel etter at jentene er komne heim att. Med jentene meiner er Solveig og Margrete. I fjor vart det arbeidsferie for Wenche og Rasmus, det skal det ikkje bli i år. Det er no ikkje lenge sidan Rasmus var her-det var i mai.

I går då eg var ute og jobba i hagen såg eg at solbæra var begynt å modne og ripsen blir raud litt etter litt-viss veret blir betre. Eg har plukka og ete ein god del jordbær, men i dette veret blir det vel ikkje så mykje å plukke. Eg har ikkje planta dei tre små buskene eg kjøpte heller, orkar ikkje å vere ute ein gong i slik ver. Og no går det mot klokka 19 -0g nyheiter, og det må eg få med meg. Men har vel høyrt det meste før. Nei, no skal eg legge opp og strikke lestar av det fine garnet eg fekk, og dei lestene skal eg ha sjølv.

Det er fredag i dag, så eg vil ønske alle ei god helg -om ikkje sola skin, så kan det bli bra likevel.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.oktober

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 10 grader og det regnar-. Når eg ser på veret no er eg glad for at eg rydda opp i hagen i går, for ...